Dark Souls III får to utvidingar

Hidetaka Miyazaki røper detaljar frå utvidingane i nytt intervju.

Bandai Namco

Det siste innslaget i Dark Souls-serien har vore ute i nokre månadar, og det er snart tid for ei utviding. Den fyrste pakken, Ashes of Ariandel, kjem til alle plattformane 25. oktober.

Det skal kome to utvidingar, og eit nytt intervju mellom FromSoftware-president Hidetaka Miyazaki og IGN Japan gir ein peikepinn på at dei antakeleg blir mindre enn utvidingane til Dark Souls II.

– Viss du kombinerer begge utvidingane vil storleiken vere lik Artorias of the Abyss (Dark Souls' fyrste utviding, journ.anm.), eller kanskje litt større, seier FromSoftware-presidenten.

Miyazaki fortel til IGN Japan at den siste utvidinga vil kome i byrjinga av 2017, og skal sette strek for historia til Dark Souls-serien. Ashes of Ariandel er mest fokusert på kampmekanikkar og har eit spelar-mot-spelar-område. Utvidinga vil vere basert på «gotisk skrekk», mens den siste utvidinga vil fokusere meir på bakgrunnshistoria til serien. Begge utvidingane vil vere del av ei samanhengande forteljing.

Ny trailer ute

Ashes of Ariandel skal fokusere på kampmekanikkane.
Bandai Namco

Ein ny video frå FromSoftware viser eit av områda frå Ashes of Ariandel, eit stort snødekt og øyde landskap. Miyazaki seier at dei har gått for å lage eitt stort område, i staden for dei vanlege fangehol-korridorane me er vande me i Dark Souls-serien.

Videoen kan sjåast her, men ver merksam på at det er store spoilers frå sjefskampane i utvidinga.

Blant anna kan ein sjå ei gruppe ulvar, og dei tidlegare spela har fått mykje kritikk for å konstruere vanske ved å sende mest mogleg fiendar mot deg på ein gong. Hidetaka Miyazaki seier at dei har vald slike fiendar grunna overgangen frå små, konsentrerte områder til store opne områder. Dette skal passe Dark Souls IIIs kjappe spelestil.

Me hadde mykje godt å seie om Dark Souls III.

Siste fra forsiden