Dark Souls kan bli lettare

Var vanskegrada i det brutale spelet hakket for drøy?

Dark Souls og forgjengaren Demon's Souls er to notoriske spel. I ein tidsalder der det meste blir strømlinjeforma for at flest mogleg skal kunne ta del i moroa, er desse spela den rake motsetning. Der du i mange spel kan spele i timar utan å døy ein einaste gong, møter mange bakken etter berre få minutt i From Software sine hensynslause kreasjonar. For mange ligg denne intense utfordringa ved kjerna til kva som gjer spela så bra. For andre er det ein terskel som er alt for høg til at dei orkar bruke tid på dei.

Akkurat dette gjer ikkje akkurat Dark Souls-regissør Hidetaka Miyazaki glad. Dette kjem fram i eit intervju med den britiske nettstaden Metro.

– Eg vil heller at spela mine skal skildrast som tilfredstillande enn vanskelege. Eg prøvar å gi spelarane ei kjensle av å oppnå noko gjennom bruken av vanskegrad, fortel han, og held fram:

Skjermbilete frå Dark Souls.

– Når det er sagt er det sant at Dark Souls er temmeleg vanskeleg, og fleire spelarar nølar med å spele. Dette faktumet gjer meg veldig trist, og eg tenkjer på om eg burde lage ei ekstra vanskegrad slik at alle kan runde spelet, eller å forsiktig sende alle spelarane bodskapen bak dei vanskelege spela våre.

Miyazaki trur derimot ikkje spelarane først og fremst er ute etter lette spel. I staden meiner han dei vil ha opplevingar og erfaringar som er interessante og verdt å få med seg. Skal vi tru Miyazaki rett kan element som ikkje fell inn under desse pilarane omsider forsvinne:

– Eg trur det er naturleg at hinder og stress som ikkje byggjer opp om interessante og verdifulle element vil bli fjerna til slutt. Om mengda med lette spel blir større no for tida, er det vel fordi vanskegrad ikkje heng saman med slike opplevingar.

Kva trur du? Er ei solid utfordring ein vital del av opplevinga, eller er det ein uting som får deg til å gi opp tidleg? Dark Souls fekk i alle fall god mottaking her i garden sjølv om det piska vår anmeldar til blods, og det blei krona med ein solid åttar:

– Du lærer deg å verdsette spel på ein heilt anna måte etter å ha tyna deg gjennom dette spelet og forgjengaren. Du lærer deg å verdsette reine mekanismar som berebjelkar for opplevinga, du får innsikt i kvifor meistreingskjensle er ei forutsetning for ei gjevande oppleving og du innser kvifor friksjonslause opplevingar gjer deg til ein servil og ukritisk tosk.

Les også: Fan forbedret Dark Souls ved lansering Les også: – Jeg er ingen sadist altså

Siste fra forsiden