Dark Souls-studioet med PlayStation 4-rollespel?

Ryktemølla går, blir det avsløring på E3?

Japanske From Software har ei lang historie, dei utvikla til dømes fleire japanske rollespel på PlayStation 2, samt dei hektiske actionspela i Otogi-serien på den originale Xbox-konsollen. Det var likevel først med Demon's Souls til PlayStation 3 at selskapet for alvor gjorde seg kjende i verda. Dette rollespelet var med si brutale vanskegrad og intense stemning eit unikt og annleis spel som raskt fekk kultstatus. From Software følgde opp med å lage Dark Souls-serien for PlayStation 3, Xbox 360 og PC.

Blir dette ein oppfølgjar til PlayStation 3-eksklusive Demon's Souls?.

No er det mykje som tyder på at From Software vil lage eit nytt spel i Souls-stil, men eksklusivt for PlayStation 4. I løpet av helga har bilete og ei kort skildring av eit spel som går under namnet Project Beast dukka opp på nettet. Originalt var bileta posta på det japanske forumet 4Chan, før dei raskt dukka opp på NeoGaf.

Eit nytt mareritt

Bileta frå spelet minnar sterkt om stilen frå Souls-spela til From Software. Spelet ser ut til å by på mørke, gotiske område, uhyggjelege beist, og ein einsleg krigar. Gematsu fortel at 4Chan-posten som bydde på avsløringa fortalde at spelet ville by magi så vel som skytevåpen, noko som vil vere nytt for serien, om Project Beast skulle ha noko med Souls-serien å gjere.

Om ikkje anna ser Souls-estetikken ut til å vere i god form.

Førebels er ingenting stadfesta, men tidlegare kommentarar frå ein Sony-tilsett vitnar om at dette kan vere reelt. Han har ved fleire høve brukt ordet «beast» for å skildre noko nytt frå Sony. Han har til dømes hinta om at ein Demon's Souls oppfølgjar ville vere eit heilt anna beist.

Ytterlegare brensel på bålet kjem ved at ingen eigentleg veit kva fleire av hovudutviklarane bak originale Demon's Souls har jobba med dei siste åra, sidan dei ikkje var direkte involverte i utviklinga av Dark Souls II.

Om ein knapp månad er det klart for den storespelmessa E3, om From Software jobbar med eit nytt rollespel saman med Sony er det godt mogleg vi får vite alt der.

Suksessen til From Softwares utfordrande Souls-spel har inspirert andre utvklarar til å skru opp vanskegrada i spela sine. Rollespelet Lords of the Fallen frå tidlegare The Witcher-prodsent Tomasz Gop er eit slikt spel.

Siste fra forsiden