Dark Souls-studioets neste spel kjem seinare enn planlagt

Bloodborne treng meir tid for å bli ferdig.

Heilt sidan Demon's Souls blei lansert på PlayStation 3 i 2010 har japanske From Software reist seg til å bli ei stor stjerne i spelindustrien. Den uventa suksessen til det utfordrande rollespelet blei så stor at utviklarane valde å droppe PlayStation-eksklusiviteten, slik at dei i staden kunne lage den andelege oppfølgjarserien Dark Souls på fleire plattformer.

Snart er dei likevel tilbake der dei starta. Med PlayStation 4-eksklusive Bloodborne får vi igjen ei rekke utilgjevande utfordringar, men i ei heilt ny verd. Spelet skulle etter planen lanserast 6. februar, men i ei fersk bloggoppdatering får vi vite at spelet no har blitt utsett til 25. mars.

Treng meir tid

Bloodborne.
Ein mobb med faklar lovar aldri godt.

Grunnen til utsetjinga er at utviklarane fekk så mange tilbakemeldingar etter den nylege alfatesten at dei treng meir tid på seg for å levere den optimale opplevinga.

Om du er fan av Dark Souls-serien er det veldig stor sjanse for at du vil like Bloodborne òg. Spelet skor seg på same mynt, og set deg eine og aleine inn i ei stor verd full av brutale utfordringar.

Vi finn likevel ein del endringar. Den mørke fantasyverda er byta ut til fordel for ei enda mørkare verd. Det heile minnar sterkt om det glade 1800-talet, og i staden for drakar og andre fabeldyr, ser dei gotiske katedralane meir ut til å kunne huse utyske som Dracula og Frankensteins monster.

Mekanikkane har òg fått seg nokre justeringar. Skytevåpen får eit solid fokus, medan tunge rustningar og blokkering blir erstatta med lange frakkar og dansing rundt fiendens angrep.

I redaksjonen har vi vore svært imponerte over kva From Software har fått til med sine Souls-spel. Då Dark Souls II blei lansert på PC meintevi det var så bra at det fortente full pott på karakterskalaen.

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen