Anmeldelse

Dark Messiah of Might & Magic

Det er ei brutal verd, men nokon må ta jobben med å dele mytologiske beist i to.

Dark Messiah of Might & Magic er i korte trekk eit hektisk og intenst actionspel der du slår først og tenker etterpå. Gløym rollespeling, gløym episke oppdrag om prinsessa og prinsen, og stålsett deg for den harde realiteten; det er ei skiten og møkkete verd. Blodet flyt, hovud rullar ned bergsida, og ved beina dine ligg ein forkulla skrott frå det som ein gong var ein goblin. Det er ei hard verd, men så har vi no ikkje bedt om noko anna heller, har vi vel?

Du er den unge Sareth, trent i både magi og nærkamp blir du sendt ut på eit oppdrag som er så forutsigbart at det kunne få Jerry Bruckheimer til å le. Historia maktar likevel å underhalde, ikkje i form av dei litt uskarpe videosekvensane som dukkar opp no og då, heller ikkje av det høgst variable skodespelet, men mest grunna den slibrige stemma i hovudet ditt som ganske dårleg forkledt fortel deg kva den vil gjere med deg. Kort og godt; du har ei dame som snakkar til deg, og ho gir uttrykk for å ville meir enn å snakke. Dette er jo fornøyeleg nok sidan denne stemma er av dei få i spelet som ikkje høyrest påtatt ut, noko som er ganske ironisk i seg sjølv, om vi tenker over kva stemma eigentleg er (akkurat det skal du få finne ut sjølv).

Som Sareth må du ut på eit eventyr for å finne magiske gjenstandar og redde verda, sjølv om historia også tar uventa (om du aldri har fått med deg ei historie av dette kaliber før) vendingar. Historia tar uansett baksete for alt det andre spelet har å by på. Dark Messiah of Might & Magic er eit action-spel, og fint lite anna, men det er også det som gjer det så eksepsjonelt underhaldande. I staden for å få enda eit spel så enormt og nesten umoglege å gjennomføre for mannen i gata med kone og born, får vi eit kortare, men minst like tilfredstillane spel der all fokus ligg på kamp.

Som eit søtt lite tre

Spelet er like lineært som dei fleste skytespel, men du har likevel dine val du kan ta for korleis du vil oppleve det. I staden for å berre finne nye våpen for å klare å ta fienden lettare, får du tilgong på ferdigheitspoeng når du har gjennomført noko. Desse kan du bruke til å bygge Sareth i den retningen som passar deg. Du kan velje å la han bli ein fullblods krigar, ein magiker, eller kanskje ein sniktjuv som stikk knivar i folk frå det skjulte. Felles for alle greinene du kan utvikle deg i, er at di erfaring med spelet blir forandra.

Etter kvart som du bygger opp Sareth vil du kunne bruke forskjellige ting du finn i løpet av spelet. Dette kan være nye våpen eller magiske kapper, men alle har visse krav som må innfris. Du kan til dømes sjå langt etter den store kjøtøksa du fann om du ikkje har bygd deg godt nok opp på styrke. Samtidig er det fleire gjenstandar som krev at du har bygd deg opp i to forskjellige retningar. Akkurat dette er noko som kan irritere i større grad enn å motivere deg til å utforske. Spelet er ikkje ubegrensa i lengde, og sjansen for å bygge opp noko til maks er ikkje så stor. Derfor blir det litt meiningslaust å skulle bruke poeng på å gå stille for å få ein ny rustning. Desse poenga kunne du brukt på å få kraftigare slag med sverdet, men samtidig treng du betre rustning.

Sverdkamp er noko av det i spelet som er best utforma. Du kan slå laus på fienden i hurtige slag, eller du kan bruke færre, men kraftigare slag. Mange slag kan være praktisk for å slå fienden bakover når du uansett har fått han i ubalanse, men det er som regel når du brukar meir kraft av du verkeleg får uttelling for det. Slaga dine kan parrerast av fienden, noko som tvingar deg til å trykke hurtig på musa for å slå han tilbake. Dette kan resultere i at fienden mistar våpenet sitt, noko som gjer jobben din litt lettare. Du får også adrenalinrush når du gjer ein god jobb, og då kan du bruke eit kraftig angrep for å brutalt kutte av kroppsdelar i sakte kino. Vakkert er det.

Stort er ikkje betre

Kamp er veldig intenst i dei største delane av spelet, men det er lett å bli litt skuffa over korleis kampar med større beist som til dømes eion Cyclops er utført. Desse tåler det meste, og er kun sårbare i auget sitt. Denne kampen endar då raskt opp med å tvinge deg til å gjenta kjedelege mønster, for så å slå han i auget når han bøyer seg ned. Du kjem nok til å sitte stram i ryggen når du er i kamp mot ein slik, men det kunne ha vore mykje betre. Det er stort sett god bruk av fysikk i spelet, så kvifor vi ikkje også kan leike oss med sånt i kamp mot store beist er uforståeleg.

Det er til dømes mange ting du kan gjere mot ein ork. Du kan sparke han utanfor ein høg vegg, og sjå han falle til sin død. Eventuelt kan du kutte nokre tau slik at ei lysekrune fell på han, du kan kaste tønner, og sende han flygande inn i piggar som strategisk står plassert på veldig mange veggar. Bruken av fysikk i spelet er ikkje noko du er nødt til å benytte deg av, men det kan verkeleg auke spelgleda di, og det er derfor trist å sjå at den ikkje blir utnytta betre.

Det er ikkje berre sverd og magi som er viktige ingrediensar i Dark Messiah of Might & Magic, men også boge og knivar får passet sitt påskrive. Om du vel å benytte deg av magi, vil du kunne bruke til dømes lyn og ildkuler. Når du skal skyte ei ildkule må du føre den med musa, noko som er litt uvant, men samtidig gir deg ei større kjensle av å faktisk bruke magi, i motsetning til å kun skyte nokre kuler rett fram. Det same kan seiast om bruken av boge. Her spelar fysikken inn, og du kan ikkje sikte rett på ein fiende med mindre du står nokre få meter unna. Du må tenke på avstand og sikte deretter, og om han flyttar på seg må du skyte litt framfor han. Det er ei tilvenningssak, men så snart du får taket på det tenker du ikkje over det.

Best utan andre

Det blir likevel litt problematisk når du skal spele på nettet. Dark Messiah of Might & Magic inneheld mykje som passar ypperleg når du spelar aleine, men som blir litt vanskelegare mot andre. Til dømes spring mange spelarar instinktivt frå side til side, og/eller hoppar opp og ned for å unngå å bli skotne. Dette medfører at bogen kan bli veldig vanskeleg å bruke. Står du på god avstand til fienden, finnest det ingen garanti for at pila vil treffe den du siktar på. Han har og rikeleg med tid til å flytte på seg før pila er framme. Det same gjeld dei fleste formene for magi, noko som gjer læringskurva for spelet ganske hard.

Du skal slite litt, og dø ofte før du får taket på dette, og det er litt skuffande at du ikkje får tilbod om litt opplæring før du kastar deg ut i ringen. Det er andre problem her og. Som i einspelar-delen kan du bruke erfaringspoeng til å bygge opp karakteren din. Du kan skifte karakter når du vil, men likevel behalde alle atributtane dine, noko som er fint. Problemet ligg i at du ofte kjem inn i ein kamp der mange allereie har bygd seg opp nok til å gjære livet surt for deg. Det blir vanskeleg å drepe andre, noko som gjer det vanskeleg å bygge seg opp.

Dette varer uansett ikkje evig, spesielt ikkje om du spelar i Crusade-modus. Crusade set menneska mot dei udøde i ein kamp om å ta over område. Om til dømes menneska vinn ein kamp, vil neste slag skje nærmare dei udøde sin base, og slik vil dei bli tvinga tilbake inntil menneska har vunne. Om dei udøde vinn, vil dei presse seg fram igjen, men frå den staden dei sist blei slått tilbake til. For kvart nye brett vil alle spelarane gå tilbake til null, Og må bygge seg opp frå nytt, noko som er eit bra trekk med tanke på nye spelarar som kjem inn etter kvart.

Det er eit stort problem med fleirspelar-delen; den er ikkje ferdig. Det er så horribelt ubalansert til tider at ein kan undre seg over kva utviklarane har drive med, og svært lite har forandra seg sidan betaen. Dette fungerar og som ei hendig innleiding til nokre feil og manglar i spelet. For min eigen del har spelet ofte låst seg når eg skal starte ein kamp, og dette er og noko som skjer i løpet av historia til Sareth. Det har ikkje skjedd mange gongar, men nok til at ein blir irritert over dei lange lastetidene ein må gjennom når ein startar opp spelet. I tillegg har lyden av og til forsvunne fullstendig, gjerne på viktige punkt der du skal få med deg noko som blir sagt.

Konklusjon

Dark Messiah of Might & Magic er ei god blanding av godt og dårleg. Om du kun spelar gjennom historia med Sareth i hovudrolla, kjem du garantert til å kose deg med rå vald, og orkar som fell skrikande ned i avgrunnen. Det er vakkert, musikken er flott, og det er lett å la seg rive med. Om det er speling mot andre som er ditt kall, er det ikkje sikkert at du kjem til å ha det like moro. Det er godt mogleg at denne delen av spelet vil ta seg opp og bli like minneverdig som den er på papiret, men akkurat no er den for ustabil og ubalansert til å kunne by på det den lovar. Slik det er no kunne Ubisoft ha sagt seg fornøgd med å la Arkane styre spelet heilt aleine, Kuju sin fleirspelar-del er i skrivande stund som smør på flesk. Mugna smør på flesk.

Siste fra forsiden