Darksiders 2 kjem til PlayStation 4

Actionspelet blir pussa opp, men det er usikkert om det kjem til Xbox One.

Rykta om at actionspelet Darksiders 2 ville kome til PlayStation 4 byrja raskt å svirre etter at nettbutikken Amazon nyleg la spelet opp på sine sider. Det forsvann raskt igjen, men då var det allereie gjort. Feil skjer, men ovanfor Gamespot har ein representant frå Nordic Games stadfesta at ein nyversjon er på veg.

Meir enn det ville han derimot ikkje seie, og det er difor alt for tidleg å seie noko om når det kjem, og om det berre er snakk om ein PlayStation 4-versjon, eller om det vil kome til Xbox One òg. Darksiders 2 kom opphaveleg til Xbox 360, PlayStation 3, Wii U og PC.

Perle frå nedlagt studio

Døden går til angrep.
Døden går til angrep.

Darksiders-serien blei utvikla av Vigil Games for konkursramma THQ. Etter at den gamle utgjevaren THQ gjekk dukken i 2012 blei eigedelane deira auksjonerte bort, og Nordic Games kjøpte rettane til blant anna Darksiders-serien.

Utviklarane gjekk det ikkje fullt så bra med. Crytek hyra dei fleste tilsette ved Vigil Games for å starte det nye studioet Crytek USA, men grunna økonomisk trøbbel hos Crytek gjekk dette studioet og til grunne etter forholdsvis kort tid. Sjefen for tidlegare Vigil Games og Crytek USA har sidan starta opp det nye studioet Gunfire Games.

Darksiders 2 var ein solid svanesong for Vigil Games, og Espen gav det åtte solide poeng i si omtale.

 

Kommentarer (12)

Forsiden akkurat nå

Til toppen