Datoen klar for andeleg Gabriel Knight-oppfølgjar

Sierra-veteranen Jane Jensens neste eventyrspel byr på mord og mysterium.

90-talet var den verkeleg store tida for eventyrspela i den klassiske peik og klikk-sjangeren. I tur og orden fekk vi servert perler i seriar som, Monkey Island, King's Quest, Broken Sword, og ikkje minst Gabriel Knight.

Sistenemnde var signert Jane Jensen, ein av dei verkeleg viktige figurane frå eventyrscena frå 90-talet. Ho var i tillegg innvolvert i fleire av eventyrklassikarane frå Sierra. Etter ein vellukka Kickstarter-kampanje for to år sidan er ho no klar med sitt nyaste spel, den metafysiske thrilleren Moebius: Empire Rising.

Vårlansering

Moebius: Empire Rising byr på peik og klikk i klassisk stil.

I ei pressemeding i dag får vi vite at spelet blir tilgjengeleg på Windows-maskiner og Mac 15. april. Seinare i år vil spelet bli tilgjengeleg på Android og iPad.

I Moebius: Empie Rising møter vi den arrogante, unge mannen Malachi Rector, som reiser rundt i verda for å vurdere verdifulle gjenstandar. Naturlegvis rotar han seg bort i eit eventyr som er mykje større enn han. Saman med livvakta si er han i ferd med å avsløre ein konspirasjon regjeringa i USA vil forsvare for ein kvar pris.

Vi møtte Jane Jensen under E3-messa i fjor, der fortalde ho oss blant anna at ho ikkje har vore så involvert i utviklinga av eit spel sidan Gabriel Knight 3. Under Kickstarter-kampanjen i 2012 hadde vi eit nettmøte med Jensen der hos svara på lesarane sine spørsmål.

Siste fra forsiden