Dead Island 2 er utsett til neste år

Det blir eit zombiespel mindre dette kalenderåret.

Deep Silver

Under fjorårets E3-messe kunngjorde Deep Silver Dead Island 2. Spelet blir utvikla av Spec Ops: The Line-studioet Yager i staden for Dead Island-skaparane hos Techland. Etter planen skulle Dead Island 2 lanserast på PlayStation 4, Xbox One og Windows denne våren, men det blir ikkje lenger tilfelle.

Via Twitter fortel utviklarane at at zombiespelet no er utsett til neste år fordi utviklarane har innsett dei ikkje vil vere i stand til å levere det produktet dei vil innan tidsfristen dei hadde sett seg. Dead Island 2 blir difor utsett til neste år, utan at vi har fått vite noko meir om når på året det vil bli lansert.

Frå øy til land

Innbyggjarane i California er ikkje heilt nøgde med sine nye naboar.
Deep Silver

Dead Island tok namnet sitt frå eit zombieutbrot på øya Banoi. Oppfølgjaren tek det heile til fastlandet, og i Dead Island 2 er heile California under karantene grunna vandrande lik som gjer livet surt i solstaten. Vi blir lova eit større og meir omfattande spel med eit solid fokus på samarbeid mellom fleire spelarar.

For utgjevar Deep Silver har Dead Island blitt ein viktig serie. Det førre spelet i serien var Escape Dead Island som blei lansert i fjor haust. Det blei utvikla av svenske Fatshark, og er i følgje vår spelmeldar det beste spelet i serien så langt:

«Til trass for at utgangspunktet er ganske likt som i forgjengarane er utføringa veldig annleis og ikkje minst mykje betre. Escape Dead Island er ei solid oppleving som engasjerer og veit nøyaktig kva det skal vere: eit overlingsmysterie.»

Polske Techland som skapte det første Dead Island-spelet lanserte tidlegare i år det svært solide zombiespelet Dying Light.

Siste fra forsiden