Dead or Alive 5 får nyversjon

For dei som fekk for lite i første omgang.

Det er ikkje uvanleg at slåssespel kjem i oppgraderte versjonar av seg sjølve. Spesielt Capcom har vore flinke med å legge til litt nytt innhald i spela sine, slengje på ordet «super» og så dytte spelet ut i butikkhyllene igjen.

No hiv Team Ninja og Tecmo Koei seg på dette tanksettet, og har kunngjort Dead or Alive 5 Ultimate, skriv Siliconera i dag.

I denne pakka vil vi få både nye baner og figurar, men den einaste slåssekjempa som er kjent så langt er Momiji frå Ninja Gaiden-serien. Ho vil kunne slå frå seg på blant anna det nye nivået Sky City Tokyo. Utover dette vil Dead or Alive 5 Ultimate kome med innhald som var nytt i PS Vita-versjonen Dead or Alive 5 Plus.

Dead or Alive 5 dukka opp til Xbox 360 og PlayStation 3 i fjor haust. Vår anmelder meinte det var så bra at det faktisk var det beste i serien:

«Det er meir enn nok å sjå på, for begge kjønn, men barmfagre damer og overmuskuløse menn har ikkje vore Team Ninjas største fokus denne gong. I mi meining er Dead or Alive 5 det beste spelet i serien. Utviklaren har kvitta seg med mange av dei elementa som ikkje bidrog til noko positivt, men som strengt talt haldt serien tilbake.»

Om Dead or Alive 5 Ultimate klarar å overgå seg sjølv finn vi først ut når det kjem i sal for Xbox 360 og PlayStation 3 til hausten.

Les også: Kan ha avduket barneporno i nytt Dead or Alive Les også: Anmeldelse: Ninja Gaiden 3

Siste fra forsiden