Dead or Alive-skaparens neste spel kjem i år

Devil's Third er snart ferdig.

Heilt tilbake i 2011 viste omsider Dead or Alive-skapar og tidlegare Ninja Gaiden-sjef Tomonobu Itagaki fram sitt komande actionspel Devil's Third. Sidan den tid har det vore svært stille om spelet, og problema hos den dåverande utgjevaren THQ måtte ta på seg skulda for dette. Først blei spelet saman med fleire andre storspel utsett, før det til slutt blei heilt stille om det.

Etter at THQ gjekk konkurs for omlag eit år sidan fekk Itagaki og studioet hans Tokyo Vikings tilbake rettande til spelet, men vi har likevel fått få livsteikn som tyder på at spelet framleis er på veg.

Blir lansert i år

Ved slutten av kvart år tek den japanske spelblekka 4Gamer ein prat med fleire japanske utviklarar om kva dei tenkjer om det komande året. I ei oversetjinga via Siliconera fortel Itagaki at Devil's Third snart er ferdig, og vil bli lansert i år:

«Vi er omlag 80% ferdige, og enden er i sikte. Mykje finpuss står likevel igjen, og det er ein av grunnane til at vi har valt å jobbe uavhengig. Eg vil gjerne beklage for å ha uroa fansen. De kan sjå fram til at vi vil satse fullt i det komande året,» fortel Itagaki.

Konkrete detaljar om kva slags spel Devil's Third vil bli er få. Det vi veit er at det vil bli eit skytespel i tredjeperson, men dette kan bety så mangt. Med tanke på at Itagaki tidlegare har stått bak spel som Ninja Gaiden og Dead or Alive, skal vi ikkje sjå bort frå at vi har intense saker i vente.

Devil's Third blei opprinneleg kunngjort for PlayStation 3 og Xbox 360. Om dette framleis er planen, eller om spelet vil bli flytte over til neste generasjon gjenstår å sjå. Kunngjeringstraileren frå 2011 kan du sjå nedanfor.

Om du er nysgjerrig på kva Tomonobu Itagaki har produsert tidlegare, kan du ta ein kikk på våre vurderingar av spel som Dead or Alive 4, Ninja Gaiden 2 og det hårreisande strandleikspelet Dead or Alive: Extreme 2.

Siste fra forsiden