Anmeldelse

Dead or Alive: Xtreme 2

Det er litt vanskeleg å forstå kva godaste Tomonobu Itagaki eigentleg vil med Dead or Alive: Xtreme 2. Det er ein semi-oppfølgjar til Dead or Alive: Xtreme Beach Volleyball, som blei motteke med relativt lunken kritikk, blant annet for sin heller tvilsome fokus på naken hud.

Forskjellen denne gongen er i hovudsak at det ikkje berre handlar om volleyball. No får du ta med deg dine barmfagre jenter på alle tenkelege aktivitetar i det våte element, sjølvsagt for å pirre fantasien din med damer som er så perfekt veldreia at du skal gå inn med teleskop for å finne ein einaste feil.

Det er så banalt sexfiksert at kjensla av å være ein pervers jævel berre ved å sjå på omslaget er vanskeleg å unngå. Det er ikkje så rart heller. Spelet i si heilheit handlar om å velje ut ei jente, reise til ei sydhavsøy, for så å bli godven med dei andre jentene som ferierar der. Det heile framstår som mykporno for unge menn. Undervegs kan du spele volleyball, køyre vannscooter og leike rumpeleiken, for å nemne noko.

Når du først kjem til øya får du kjappe introduksjonar til kva du kan fordrive tida di med. Du får deg ein partner i form av ei jente som osar sex i like stor grad som deg, og du må velje deg eit hotell å opphalde deg på. Dagane går med til å ta del i diverse aktivitetar for å tene pengar. Pengane går til å kjøpe nye og enda mindre badedrakter, og gåver til dei andre jentene.

På øya har du fleire forskjellige aktivitetar å ta del i. Øya består av forskjellige område der du kan enten spele volleyball, køyre vannscooter, hoppe på bobler av plast, eller du kan stikke innom dei forskjellige butikkane. Det er tre butikkar å velje mellom. En for nye badedrakter, en for marinefarty og en for ei mengde tilsynelatande meiningslause ting. Skjønt, å seie dei er meiningslause er å ta hardt i. Kvar jente har sin distinktive smak, og sjølv om du ikkje kan bruke noko av det du kjøper, bortsett frå det du kan kle opp dama di i, er det viktig å bruke mykje pengar på å bygge venskap.

Velbrukte pengar

På eit vis like tvilsomt som spelet, får du nye vener ved å gi dei gåver. Med andre ord kjøper du deg vener. Kjøper du feil gåve til ein ven, kan du brått stå fullstendig tomhendt tilbake, utan ei venninne å spele volleyball med. Om du tek situasjonen på alvor, kan du omsider rekne med å få gåver tilbake, noko som kan gi deg nye badedrakter om du er heldig. Ved å bygge venskap på denne måten, vil du ha eit mykje lettare liv på øya enn om du gjer alt aleine. For å spele volleyball må du ha ein partner, og du må også ha ein partner om du vil ta snuskete bilder av to jenter i sitt rette element.

Dette i seg sjølv kan jo være eit greit tidsfordriv, men prosessen du må gjennom for å bli ven med nokon er litt som å skyte på blink i blinde. For å bli ven med ei jente må du gi ho noko ho likar. Gir du feil gåve får du den i retur, og venskapet kan brått bli øydelagt. Du må også gjerne gi gåva på riktig tid på dagen, og i tillegg bu på eit hotell ho likar. For å gjere vondt verre får du nesten ikkje vite noko om jentene. Det einaste du veit om kvar jente er nokre små nøkkelpunkt, som til dømes favoritthobby og farge. Det er ikkje akkurat nok til å danne seg eit solid bilete av smaken til kvar einskild jente.

Resultatet er som sagt ei jakt i blinde. Du veit kanskje kva farge ei jente likar, men utover det er resten vill gjetning. Du brukar uhorvelege mengder pengar på å kjøpe og sende gåver du kun får i retur, og det er eksepsjonelt demotiverande. Det einaste som kan halde deg gåande i slike nedgongstider er om du er så desperat etter naken hud at du er villig til å lide deg gjennom alt for å nå ditt mål.

For å i det heile ha begrep om kva du eigentleg driv med, blir du nødt til å gå laus på dette spelet som ein professor i matematikk. Du blir nødt til å analysere alt i detalj, og føre nøyaktige loggar du kan bruke som referanse. Kvar jente du spelar med vil også gi deg hint om kva ho likar, slik at du lettare kan finne ut kva du skal gi dei om du spelar som ei anna jente. Spørsmålet er jo kven som eigentleg har tolmod til å invistere så mykje tid i noko så meiningslaust. Eventuelt kan du ta deg ei søkerunde på internet, noko som ganske greit skal kunne finne deg ei liste over kvar jente sin personlege smak. Spelet blir uansett ikkje betre av at du må sitje der og studerer lister kvar gong du skal gjere noko.

Livets opphald

Når du ikkje kjøper gåver tek du del i forskjellige leikar rundt omkring på øya. Desse leikane fungerar mest som ei rekke minispel, og det er via desse du tener pengar. Er du flink, får du mykje pengar du kan bruke på å avdekke hud eller kjøper gåver. Dessverre opptrer desse minispela som ein ettertanke, og ingen av dei er gjennomtenkte nok til å kunne tilby langvarig underhaldning i seg sjølv. Ta til dømes eit spel der du hoppar på plastbobler i eit basseng. Her må du trykke på knappar som tilsvarar med fargen på bobla, og i tillegg berekne avstand mellom kvar boble. Her er kontrollane så oversensitive at du så vidt kan kome i kontakt med knappane om du ikkje vil dette i vatnet.

Uansett kor meiningslaust det skulle være, er det tragisk nok vanskeleg å ikkje bli dratt inn i dette smaklause spelet. Det er lett å berre innsjå at du er ein mann, og du likar det du ser. Ja, eg er ein gris, og eg kan godt innrømme det. Om du er jente som les dette, tilgi meg, men eg er mann, og eg har mine lyster. Mine lyster er å sjå naken hud. Mykje naken hud. Derfor er eg villig til å køyre vannscooter i fleire timar for å få tak i nokre perler som ikkje skjuler noko anna enn det som hadde gjort spelet forbudt i opptil fleire land.

Kjensla av å være ein gris forsvinn, sjølv om det ikkje betyr at du er mindre gris av den grunn. Men den forsvinn og blir på magisk vis omforma til eit sug etter meir. Du blir villig til å å spele litt meir sandvolley sjølv om kontrollane er ei skam. Du er villig til å køyre scooter sjølv om banene til tider er så latterleg dårleg oppbygd at tårene sit laust. Du er villig til å gjere dette fordi det tener deg pengar. Pengar du kan bruke på å kanskje få ta mykpornografiske bilder av to nesten nakne jenter utan å måtte spørre om lov først.

Akkurat det er ganske befriande. Du kan la deg sjølv være ein liten pornogris ei lita stund utan at nokon andre enn venene dine på Xbox Live veit om det. Sjansen er uansett stor for at dei eigentleg er misunnelege og helst skulle tatt del i moroa. Det kan dei for så vidt og, sidan du kan spele mot dei i til dømes eit vannscooterrace. For å være ærleg er det vel omtrent her du vaknar. Når du spelar over Xbox Live innser du for alvor kor mangelfullt dette spelet er. Dead or Alive: Xtreme 2 er ein smeltedigel av halvgjorte minispel, der ingen av dei i seg sjølv hadde vore verd ei nedlastning frå Xbox Live Arcade eingong.

Fri oss frå det vonde

Noko anna som får deg til å innsjå at dette strengt tatt ikkje er verd tida du investerar i det, er det absurde lydsporet som sakte med sikkert driv deg til vanvidd. Det er fylt til randen med sukkersøt tenåringspop og reggae som blir repetert i det uendelege. Tenk "Sweet Sixteen" og du skjønar kvar eg vil. Fjortisjenter som gjerne vil være som bertene i spelet høyrer kanskje på sånn musikk, men det er vel kanskje ikkje dei dette spelet er laga for. Dette er eit spel for evigvarande fjortispervisar i alle aldrar, og om denne musikken ikkje gjer deg gal etter ein halvtime har du mi fulle respekt.

Team Ninja skal ha kudos for velvalt fokus på grafiske nyvinningar i dette spelet. Eg må med handa på hjarte innrømme at dette er første gong eg har sett noko så avansert som solbruning i eit spel. Her får du faktisk sjå kva badedrakt du tidlegare har brukt. Brukar du ei lenge, og skiftar til noko nytt (og gjerne mindre), vil du sjå brunkanten veldig tydeleg. Applaus til Team Ninja for å vektlegge det som skapar reit spel, i staden for å legge fokus på unødvendige detaljar som utfordring og presise kontrollar. Om du likevel skulle være i tvil om realismen, kan du sjølvsagt studere avansert puppefysikk som får fordelane til jentene til å danse vakkert og småerotisk i alle tenkelege og urealistiske retningar.

Konklusjon

Dei fleste likar å sjå litt naken hud. Om du seier noko anna tilhøyrer du eit massivt mindretal av verdsbefolkninga, eller du lyg. Naken hud i seg sjølv kan jo være ein fascinerande ting, men det er ikkje nok til å skape eit bra spel. Eg vil tru at Team Ninja er i stand til å lage ein underhaldande dating-sim om dei legg sjela i det, men det er svært tydeleg at fokuset her har vore på eit heilt anna område. Det er tidvis litt triveleg å oppholde seg på øya, men ikkje ein gong barmfagre damer er nok til å forhindre dette spelet i å samle støv ganske raskt. Dead or Alive: Xtreme 2 er kun for deg som ikkje får nok ved å bruke Google som hjelpemiddel, for moro er det ikkje.

Sånn for ordens skuld kan eg heilt til slutt legge til at Team Ninja-sjefen, Tomonobu Itagaki, nyleg blei saksøkt for sex-trakassering. Eg er djupt sjokkert.

Vurdering


Dead or Alive: Xtreme 2 X360 X360 3/10

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 8. desember 2006
  • Plattform: Xbox 360
  • Utgiver: Tecmo
  • Utvikler: Tecmo

Kommentarer (20)

Forsiden akkurat nå

Til toppen