Dead Rising annonsert for Xbox 360

Dead Rising er eit zombie-spel som plasserar deg midt inni eit kjøpesenter i ti dagar. Om du ser føre deg Dawn of the Dead er du ikkje så veldig langt i frå. Du er ein fotojournalist, og i tillegg til å gjere ditt beste for å overleve, må du også ta så mange bilder du kan. Eit av måla dine er å vinne Pulitzer-prisen. For å overleve i kjøpesenteret kan du ta i bruk alt det du måtte kome over. Videoen viste blant anna helten vår slå frå seg med ei utstillingsdokke, og diverse gjenstandar han fant frå butikkhyllene. Om det er ein honnør til filmen BrainDead veit vi ikkje, men du kan i alle fall ta i bruk ein grasklippar.

I tillegg er du ikkje den einaste som har overlevd invasjonen av dei levande døde. I kjøpesenteret vil du møte andre som kjempar for tilværet, men dette er på ingen måte noko du er tent med. Du endar opp med å måtte kjempe mot desse også, noko som burde by på enda ei interessant utfordring (som om det ikkje er nok å hamle opp med fleire hundre udøde krapyl).

Etter presentasjonen av videoen fortsette Keiji Inafune med å lovprise Xbox 360. Han kunne fortelje oss at det er ei fantastisk maskin som verkeleg tillet utviklarane å gjere det dei vil. I motsetning til tidlegare generasjonar der utviklarane ofte måtte kutte ned på idèane sine fordi maskinvara ikkje var kraftig nok, er det ingen grenser no. Dei kan gjere kva dei vil, og eit eksempel på det er at du aldri før vil ha sett så mange levande døde på skjermen samtidig. Akkurat dette kan han ha rett i, for scena med helten ståande på eit biltak med eit hav av zombier rundt seg, tvinga i det minste hos meg fram ein frydfull latter.

Det er for øyeblikket ikkje offentliggjort nokon skjermbilete av Dead Rising. Vårt eige uskarpe fotografi av videopresentasjonen er dessverre det einaste vi har å tilby.

Kommentarer (2)

Forsiden akkurat nå

Til toppen