Anmeldelse

Dead Space

Klaustrofobisk blodbad

Det er stille på det aude romskipet, og noko frykteleg luskar i mørket.

Det ytre rom er ein stad som eignar seg svært dårleg om du skulle lide av klaustrofobi. Det er samtidig ein ganske håplaus stad å vere om du brått skulle ha motorsvikt, eller andre tekniske problem med fartyet du krusar rundt med. På landjorda kan ein alltids finne måtar å overleve. Skulle du gå tom for mat, kan du plukke litt bær og planter, og vatn er som regel ikkje eit problem, med mindre du fant ut at du skulle ta turen til Sahara på ein varm sommardag. Om du i tillegg skulle vere så uheldig å møte på eit rovdyr, er det óg mykje du kan ta deg til på landjorda. Du kan til dømes klatre opp i eit tre, og håpe på det beste.

Trailer til Dead Space

Vis større

Trailer: Dead Space #5

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • dead space


Eit forlis i det ytre rom bli noko heilt anna. Spesielt når ei framad livsform har funne ut at skipet ditt er ein ganske kul plass å slå seg ned. Om desse framande livsformene i tillegg ser på deg og dine vener som god næring, og gjerne fråtsar vilt, er du nok nøydt til å innsjå at du har eit problem.

Krasjlanding

Mannskapet på det mektige skipet USS Ishimura, innsåg nok ganske kjapt at dei hadde eit problem då den nye livsforma kom på besøk. Ikkje berre byrja folk å døy, men dei sette i gong med å mutere seg til dei villaste skapningar, som ein slags pervers vri på plastisk kirurgi.

Ikkje lenge etter denne invasjonen, blei det svært stille frå Ishimura, og Isaac Clarke og eit lite mannskap på to blir sendt ut for å etterforske kva som har skjedd. Som seg hør og bør i litt god gammaldags skrekk, går sjølvsagt alt gale. Dei mistar kontrollen over skipet sitt, og krasjlandar på Ishimura. Framfor dei ligg eit utriveleg møte med ekle beist, og ei stor utfordring i å kome seg tilbake til vår vakre planet; Jorda.

Ishimura er som ein kan forvente, ei slagmark. Teikna til liv er få, og om du finn dei kjem dei i form av blodtørstige monster, og ein og anna lydlogg som gir litt innsikt i kva som har skjedd. På mange måtar er det eit puslespel, der du sakte men sikkert får servert bitar som etter kvart endar opp med å avsløre kva som har skjedd på romskipet. Korleis det heile er fortalt, kan ofte minne om Bioshock, og dette er noko som kler Dead Space svært bra.

Isaac Clarke er ikkje ein vanleg helt. Vi får eigentleg vite frykteleg lite om han, men det vi veit er at han er ein reparatør. Han er ikkje ein soldat, eller krigar på nokon måte, sjølv om det er dette jobben hans på Ishimura for det meste endar opp med. Den eigentlege oppgåva hans, er å reparere ting som er gått i stykke. Dette er eigentleg ikkje noko du som spelar verkeleg får ta del i, sidan spelet handlar om å kome seg frå ein stad til ein anna, samle saman nokre ting, for så å trykke inn ein knapp for å fullføre oppdraget.

Intens stemning

Den reelle oppgåva di, blir å overleve alle beista som haglar mot deg. Dette er ikkje eit actionspel i eit konstant høgt tempo, men du kan vere trygg på at du får sjå nok blod og avkappa kroppsdelar likevel. Tempoet tek mykje inspirasjon frå Resident Evil 4, og du vil ofte gå lengre distansar utan å møte noko som helst. Utviklarane har gjort ein fantastisk jobb i å bygge opp stemninga, og sjølv om du ikkje skulle møte ein einaste fiende på ei stund, vil du alltid vere på vakt.

Dette er noko spelet oppnår gjennom eit lydbilete som overgår det meste du har høyrt før. Du høyrer ikkje berre ambient bakgrunnslyd og fotstega til Isaac. Du høyrer rumling frå langt borte, du høyrer lydar som kanskje, kanskje var frå eit menneske. Du høyrer ting som fell i bakken, og du høyrer pusten til Isaac som heile tida får klaustrofobien og det ubehagelege til å vakse fram. Likevel er det ofte smerteleg stille, sjølv om det eigentleg er svært mykje lyd heile tida. Den er så subtil at den leikar katt og mus med sansane dine, og dette er ei av dei største drivkraftene i heile spelet.

Når du først møter ein fiende, er han aldri aleine. Dette er ikkje eit spel der fiendane kjem ein og ein, sjølv om dette skjer no og då. Fiendane kjem først og fremst i grupper, og dette utløyser nokre paniske skyteepisodar der du gjer kva du kan for å unngå at dei kjem for nær. Beista i Dead Space er den type skapningar du verkeleg vil halde på avstand. Dei går kanskje på to bein, og dei var kanskje menneske ein gong, men no har dei tentaklar med piggar på og er generelt sett temmeleg deformerte.

Den mest effektive metoden for å stoppe fiendane, er ved å kappe av dei armar og bein. Kroppsdelar flagrar gjennom romma, og Dead Space blir raskt eit svært blodig og grafisk utfordrande spel. Å skyte dei i kroppen gjer sjeldan stor skade, og du endar opp med å sløse vekk det vesle du har av ammunisjon. Velplasserte skot vil kappa av dei beina slik at dei brukar lengre tid på å nå fram til deg, akkurat så mykje tid du treng for å kappe av dei resterande lemma.

Kjem dei for nær, høgg dei tak i deg, og du får sjå Isaac skrekkslagen prøve å slå monstret bort. Dette tvingar deg til å trykke på ein knapp for harde livet, og du kan samtidig sjå livet til Isaac renne vekk, noko som berre forsterkar kjensla av at du har svært lite tid.

Livet er hardt

Livslinja til Isaac blir illustrert gjennom eit røyr på ryggen hans, og å sjå dette gå tomt er ikkje eit triveleg syn. Du vil ofte ha svært store problem med å kjenne deg trygg på at Isaac vil halde seg i live gjennom neste kamp, for helsepakkar er mangelvare. Ofte går du rundt med ei kort, raud linje på ryggen hans, og Isaac pustar tyngre og tyngre etter kvart som livet ebbar ut. Det er lett å bli stressa av det, svært stressa.

Det heile blir samtidig verre av at ammunisjon ofte blir ei seriøs mangelvare. Du kan ha med deg fire våpen, men du bør ikkje bli overraska om du eit stykke ut i spelet ofte berre har ammunisjon til eitt av dei. Dette i seg sjølv byggjer opp om intensiteten i spelet på fantastisk vis, men av og til blir ein likevel oppgitt. Nye våpen må kjøpast frå forskjellige stasjonar, og du veit aldri kva du får. Naivt trur ein at kvart nytt våpen blir betre enn det førre, men det viser seg raskt at nye og dyre våpen er spesialiserte mot forskjellige fiendar, og i mange situasjonar er praktisk talt ubrukelege.

Du innser raskt at dine første våpen er dei mest effektive, og dei er effektive mot alle fiendar. Flammekastaren held til dømes ikkje fiendane unna, og sjølv om du sakte men sikkert drep dei, er sjansen stor for at dei drep deg i prosessen. Eit anna våpen som ikkje heilt lev opp til det det lovar, er ei sag som skyt ut runde sagblad. Teoretisk sett burde dette flerre gjennom fiendane sine kroppsdelar utan problem, men ofte må du halde på i lang tid for å oppnå same resultat som dei første våpna gir.

Enda verre blir det når nesten all ammunisjon du får, er til det siste våpenet du kjøpte. Om du kjøpte eit våpen du ikkje likar, kan du banne på at det er akkurat den ammunisjonen du finn. Dette problemet viser seg først eit stykke ut i spelet. I byrjinga går det greitt, for du finn nok pengar og ammunisjon til å halde det gåande. Seinare i spelet forsvinn diverre ammunisjonen, og det meste du plukkar opp er små bunkar med pengar. Du kan riktig nok kjøpe ammunisjon, men når du finn omlag 1000 i kontantar, og den billegaste ammunisjonen kostar 1200 for to skot, då byrjar det å skurre litt.

Adrenalinet pumpar

Alt dette høyrest kanskje ut som nokre svært irriterande ting, men med unntak av prisen på ammunisjon, endar det opp med å bli eit svært viktig ledd i kvifor Dead Space er så vellukka. Det er meininga at du skal slite. Du blir nøydt til å tenke veldig nøye gjennom korleis du skal gå fram. Du har svært lite plass i inventaret ditt som óg rommar ammunisjonen, og du må ofte gjere smertelege val over kva du kan ha med deg til ei kvar tid. Resultatet blir eit spel som ikkje berre er nervepirrande grunna sitt klaustrofobiske miljø, men samtidig eit spel som verkeleg slår det inn i deg at du kan døy når som helst.

Om du ikkje er sparsam med både ammunisjon og helsepakkar, kan du verkeleg hamne i knallharde situasjonar. Spesielt når du til dømes i vektlaus tilstand skal ta knekken på eit gigantisk monster. Her gjeld det å ha tunga beint i munnen, og hugse på kva du har lært om gravitasjon i rommet. Det opnar for nokre ganske interessante kampar, og det du får ei litt grotesk fryd over å sjå ein lemlesta fiende flyte vektlaust i rommet.

Det er i det heile tatt svært mykje å sjå i spelet. Som med lyden er produksjonsverdiane skyhøge, og spelet er så vakkert som det er mogleg å gjere eit aude romskip. Ishimura er uhyre detaljert, og ein trur verkeleg på at dette er eit romskip. Det er mange gangar og rom, men det er lett å sjå at alt har ei meining, og ein får aldri inntrykket av at ting berre er plassert der for at noko skal vere der. I tillegg er Isaac Clarke fantastisk detaljert. Ein kan tydeleg sjå kva type stoff drakta hans er laga av, og ein kan i tillegg sjå nuppar og slitasje på den. Animasjonane er i tillegg veldig overbevisande, og det heile er eit eksemplarisk døme på kva eit selskap med Electronic Arts sine midlar kan få til når dei verkeleg slår på stortromma.

Konklusjon

Dead Space er ikkje moro. Det er det veldig viktig å få fram. Du set deg ikkje ned med Dead Space for å kose deg, og for å spele eit kult spel. Du spelar Dead Space for å bli utfordra. Sjølv om spelet aldri når den skrekkfaktoren til dømes Silent Hill-serien tidvis har oppnådd, er det eit spel som konstant held deg i ei ubehageleg knipe. Du høyrer alltid ein lyd som får deg til å vere heilt klar for at noko kan dukke opp når som helst, og du er smerteleg klar over at eit lite feilgrep frå deg kan betyr den visse død.

Spelet kunne hatt godt av litt meir balansert distribusjon av ammunisjon, men dette hindrar ikkje spelet i å bli eit engasjerande og utfordrande spel du garantert ikkje vil gløyme med det første.

Siste fra forsiden