Deadly Premonition-skaparens nye spel er lansert

Sære D4 lar deg reise i tid for å forhindre at kona di døyr.

Som regel får vi vite lanseringsdatoar i god tid før eit spel er tilgjengeleg for sal. På denne måten får publikum god tid til å planleggje kjøpa sine. Ein og annan gong kjem ein lanseringsdato likevel som ei stor overrasking.

Eit slikt spel er Xbox One-eksklusive D4 som utan særs mykje fanfare blei lansert i dag. D4 – kort for Dark Dreams Don't Die – er det nyaste spelet til Deadly Premonition-skaparen Hidetaka "Swery" Suehiro.

I spelet tek du på deg rolla som David Young, ein privatetterforskar med to store problem: Kona hans har blitt drepen, men han hugsar ingenting av det. Dette er likevel ikkje eit typisk hukommelsestap. Young selde hukommelsen sin for å få unaturleg sterke analytiske eigenskapar.

Eventyr i frisk innpakning

D4 kan spelast via rørsler eller handkontroll.

Reint mekanisk kan D4minne litt om Telltales The Walking Dead-serie, sidan du først og fremst vil interaktere med gjenstandar du finn i nærområdet. Spelet er bygd opp for å kunne spelast både med Kinect og kontrollar, og du vil kunne skifte mellom dei to kontrollmetodane på eit blunk.

Spelet er delt opp i episodar, og prologen, samt dei to første episodane er no lansert. Når dei neste episodane blir lanserte er ikkje fastsett.

Vi tok ein kikk på D4 i fjor, og visste ikkje heilt kva vi skulle seie, utover at vi definitivt ville spele meir:

«Det er den merkelige og mystiske historia i spelet, saman med den elleville dialogen som får meg til å glede meg til å kaste meg over spelet. Eg ynskjer å oppdage kva det eigentlig er som skjer. Historia verker jo ved første augekast som ein galen manns forsøk på å skape ei historie ved å slenge saman elleville idear som ikkje passar saman. Er det eit system, ei samanheng bak dette? Og kan den artige dialogen underhalde meg heile vegen gjennom fleire episodar?»

Om du manglar erfaring med Swerys tidlegare spel, har du ein god grunn til å sjekke ut Twin Peaks-inspirerte Deadly Premonition som er tilgjengeleg på Xnox 360, PlayStation 3 og PC.

Siste fra forsiden