Anmeldelse

Death by Degrees

Kva gjer du når du eig ein spel-serie med kanskje verdas mest populære kampsystem? Jo, du tar ein av karakterane frå serien, og øydelegg alt fullstendig.

Side 1
Side 2

Kva har vi gjort for å fortene dette? Om ingen tok ironien der kan eg informere om at det ikkje berre tar eit halvt tiår å gå inn på menyen, men i tillegg må du bla fram til der du finn snopet ditt, trykke, trykke, og trykke ein gong til, før du igjen må vente på at du blir tatt tilbake til spelet igjen. Veldig smart tenkt.

"Skal vi lage eit intenst actionspel?"
"Ja, det var ein god idè, men eg har ein betre idè. For å gjere det ekstra intenst, la oss tvinge folk til å stoppe heile spelet i mange, mange sekund, berre for å ordne litt på helsa."
"Ja, sanneleg, det var ein god idè. La oss for all del ikkje gjere det mogleg å lege seg sjølv ved eit enkelt knappetrykk." Nei, Gud forby.

Det er visse eventyr-element til Death by Degrees. Det blir mykje springing gjennom dører, på den evige jakta etter det som kanskje kan føre historia vidare. Det ein raskt vil legge merke til er alle dei låste dørene. For å opne desse må du scanne fingeravtrykka til forskjellige folk, men du kan sjølvsagt ikkje banke nokon for å få fingeravtrykka deira. Neida, du må springe rundt og leite etter folk som allereie er døde, for å scanne dei. Eventuelt kan du kanskje finne eit fingeravtrykk på ein miksmaster eller anna kjøkkenutstyr, men dei tilhøyrer som oftast personell av lav rang. Ikkje noko som får deg dit du eigentleg vil altså. I og med at du kan scanne visse gjenstandar for fingeravtrykk, er det eigentleg litt merkeleg at du ikkje like godt kan scanne døre dei gikk inn, sidan du er dømt til å finne nokon der.

Meiningslaust tungvindt Som om ikkje den lange remsa med bombastisk negativitet eg allereie har lirka frå meg, utan å måtte anstrenge meg i nemneverdig grad skulle vere nok, må du slite med eit kamera som hatar deg. Gudane veit når du skal skifte vinkel, men du endar i alle fall opp med å springe rundt i ring i staden for å gjere noko fornuftig. Skal kamerat først skifte vinkel, kunne det kanskje ha vore greit å få lov til å fortsetje med å springe i den retningen eg var på veg i? Når vi er inne på negative ting, kvifor skal du måtte leite deg fram til lagringspunkta ved hjelp av ein radar? I eit spel av Death by Degrees sitt kaliber, vil ein gjerne finne lagringspunkta raskast mogleg. Eg vil ikkje leite, eg vil ha det no, sånn at eg kan slå av.

Death by Degrees ser betre ut enn det eigentleg fortenar. For å vere eit PlayStation 2-spel er det absolutt akseptabelt, sjølv om det ikkje kan hevde seg i kampen om penaste spel. Kampane har for så vidt god animasjon, men når Nina spring rundt og leitar etter ting, ser ho stiv og mekanisk ut. I tillegg er karakterdesignen ganske kjedeleg og uinteressant. Det er også nokre bemerkelsesverdige lasteskjermar i spelet. Dei dukkar opp konstant, er frykteleg lange, og framstår som eit evigvarande mareritt. Lydeffektene er hakket betre, og glir inn utan at du eigentleg legg merke til det. Det beste Death by Degrees har å vise til, er eigentleg tittelmusikken som nesten greier å lure deg til å tru at du faktisk skal ha det moro med dette makkverket.

Konklusjon Du kan sikker finne verre kreasjoner enn Death by Degrees der ute. Du kan sikkert finne spel med verre kamera, verre kontrollar, og verre historie, sjølv om du skal leite ei stund. Det som skiljer Death by Degrees frå ein del andre kalkunar (som til dømes Ed Wood-klassikaren "Plan Nine From Outer Space"), er at Death by Degrees er ikkje eingon ufrivillig morosamt. Det er kjedeleg, uinteressant, og endar opp som ein konstant kamp mot deg sjølv. Kor lenge held du ut, utan å strekke deg etter av-knappen? Ikkje så frykteleg lenge vil eg tippe, for er du så uheldig å ta i dette spelet, må du vaske deg grundig etterpå, og bruke desinfiserande spray på alt spelet kan ha kome i nærheita av. Sky det som pesten, og spar pengane dine til Tekken 5.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden