Anmeldelse

Death by Degrees

Kva gjer du når du eig ein spel-serie med kanskje verdas mest populære kampsystem? Jo, du tar ein av karakterane frå serien, og øydelegg alt fullstendig.

Side 1
Side 2

Karakteren du veljer frå spelet ditt er gjerne ei barmfager dame, med bein på lengde med Amazonas. Eit blikk som kan drepe, og ein eleganse ikkje eingong påfuglar kan draume om. Dette bør vere førsteprioritet. Resten er ikkje så viktig, for om du har ei pen dame til å fronte produktet ditt, elendig eller ikkje, er du i alle fall sikra nokre kroner i kassa. Det er likevel litt merkeleg. Det er noko ved Nina Willliams, der ho spring rundt i klede som ikkje overlet for mykje til fantasien, som på ingen måte får ein til å tenke på påfuglar. Visst er dama pen, der ho ligg i sin minimalistiske bikini og solar seg ved vannkanten, men i akkurat dette tilfellet er ho jo trass alt modellert og utforma med pinleg nøyaktigheit.

Om det så hadde vore slik for alt det som kjem utanom prerendrerte sekvensar. Eg hadde heller brukt tida på å sjå meg gjennom eit titals timelange prerendrerte sekvensar med Nina i bikini, enn å prøve å få ho til å gjere som eg vil. Nina er ei sterk dame, ho har sterk vilje, og ho gjer som ho vil, litt for ofte. Når eg sit der med kontrolleren i handa, forventar eg at dama skal lystre mine minste teikn til vink. Eg vil ho skal sjå på meg med blanke auga og seie: "Ja, kjære, kva kan eg gjere for deg i dag?" og eg vil svare: "Gå og drep Nina, gå og drep."

Draumen om eit betre liv Det var kanskje berre ein kort draum, men den var fin. Eg sat der i sofaen, og med små bevegelsar fekk eg Nina til å slå rundt seg, hoppe i lufta som i ein piruett, lande med helen på skoen sin godt planta i halsgropa til eit anonymt organisk hinder. Det var då eg vakna og innsåg at Nina var død. "Ånei, tragiske liv" skreik eg, og oppdaga til mi store overrasking at eg brått hadde veldig lyst til å heller sjå gjennom alle sesongane av Bonanza, utan pause.

Death by Degrees høyrer eigentleg ikkje heime nokon stad. Hadde det ikkje vore for min maniske besettelse for å ta vare på alt, uansett kor elendig det er, hadde eg ikkje lenger vore i besittelse av Death by Degrees. Det er eit slikt "nesten så elendig at eg aldri vil ta i"-spel. Først og fremst, kva er det med eit kampsystem basert på analogstikker? Kva er poenget? Kan nokon fortelje meg det? Eg forstår det ikkje, eg likar det ikkje, og grunnen er veldig enkel. Det fungerar ikkje. Det einaste du gjer i Death by Degrees, reint bortsett frå når du mållaust spring mellom A og B, medan du fullstendig utan grunn tar ein kjapp stopp ved C for å lide deg gjennom nokre lasteskjermar, er å dytte analogstikkene i alle retningar.

Krampeaktig kampsystem Skal du gjere nytte for deg i ein kamp må du ty til analogstikkene. Ved å bevege på den høgre analogstikka kan du angripe i den retningen. Den venstre analogstikka brukar du til bevege deg, og til å gjere raske manøvrar for å kome deg unna ein farleg situasjon. Skal du blokkere eit angrep, må du bruke analogstikkene til dette og. Det er sjeldan du brukar knappane, kun når du skal skifte våpen, eller for å ta kvelartak på nokon. Generelt sett fungerar det ikkje i det heile tatt. Det skjer mykje på skjermen til ei kvar tid, og det er frykteleg vanskeleg å hamle opp med alt kun ved hjelp av to analogstikker. Du kan plukke opp våpen etter kvart, som til dømes batongar eller pistolar, men desse går ut på dato etter kort tid, og endar opp som ei kortvarig glede.

Er du i kamp vil alle dei nærmaste fiendane dine få ei grøn helselinje over hovuda sine. Om nokon skal til å angripe, blir linja deira raud. So far so good. Trikset er å dytte analogstikka i den retningen det dukkar opp ei raud linje. Dette er ikkje så veldig lett når Nina er så treig i oppfatninga som det ho er her. Ho reagerar kanskje eit til to sekund for seint i dei mest hektiske situasjonar, noko som gjer det ganske håplaust å prøve å ha noko som helst form for oversikt. Redningen di kjem av eit stadig vaksande lager med helsekost. Gjerne sjokolade, sjokolade er bra for helsa. Når som helst kan du "kjapt" gå inn på menyen for å "raskt" hive i deg litt snacks.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden