Anmeldelse

Deathrow

Folk må vel gå lei av den kjedelege sporten vi ser på TV kvar dag. Eller så tenke vel i alle fall Southend Interactive då dei fant ut dei skulle lage Deathrow. Så kva gjer ein for å finne på noko nytt? Jo, ein fjernar alt som karakteriserar god sportsånd, og pakkar det inn i ei fjern framtid med dop, vold og stygg språkbruk øverst på plakaten.

Side 1
Side 2
Side 3

Aggressivt
Folk hugsar ting du gjer mot dei. Går du laus på nokon fleire gongar er det stor sjanse for at han vil henge på deg som ein klegg resten av kampen. Du må og vere litt forsiktig med å gå berserk i klynger. Eg var opptatt med å få "knock out" på ein motspelar då eg oppdaga at ein på mitt eige lag gikk laus på meg. Tydelegvis hadde eg sparka til han ei stund. Han var forbanna og ute etter meg. Langsint var han og, for det første som skjedde i neste runde var at han gikk laus på meg igjen. Så eit godt råd: Ikkje gjer laget ditt forbanna. Å skjelle ut det andre laget derimot, er ein viktig del av spelet. Ved å trykke på den kvite knappen vil du fyre laus ei kraftsalve, eller du viser fingeren til folk. Det er sjølvsagt ikkje mange som syns det er greit å få ein finger i ansiktet, så då er det på han igjen.

Heldigvis er ikkje Deathrow eit spel som fungerar kun med to eller fleire spelarar. Sjølv om det kanskje fungerar best i multiplayer kan du fortsatt ha mykje moro med å springe rundt på bana aleine. Som oftast med slike spel er det i multiplayer dei verkeleg viser styrka si. Deathrow støttar opp til åtte spelarar via "system link". Det er synd at det ikkje det ikkje støttar Xbox Live som vil bli lansert neste sommer, sidan det ikkje er alle som har 8 Xbox-maskiner og åtte TV-apparat til disposisjon. Eg kan sjå det for meg der du sit med headset og ropar skjellsord inn i mikrofonen. Når du skal spele multiplayer startar du berre ein kamp, og så vel du kor mange som skal vere med. Ein taktikk eg og kameraten min brukte ein del, var at ein av oss fokuserte på å score mål, medan den andre bankar opp det andre laget. Har du først fått "knock out" på eit par stykk, blir det veldig mykje enklare å score fleire mål. I tillegg vil oppførselen din på bana påvirke publikum. Om du får publikum heilt med deg, oppnår du monumentum, og føte dine tar fyr.

Lyden av ein kropp i forfall
Sjølv om du kan høyre dei ekstatiske ropa frå publikum, så kan du ikkje sjå dei. Det er ein ganske negativ detalj. Når du er i ei gruvesjakt, og høyrer publikumsbrølet rundt deg, begynner du å lure på kvar dei eigentleg er. Det er heller ingen kommentator i Deathrow. Du har ei stemme som annonserar laga, før dei har litt verbal brytekamp, men det er det einaste. Ein energisk kommentator som skrik og brøler for alt som skjer på bana hadde vore veldig tøft, men for all del, det er underhaldande nok som det er. Å høyre ei russisk dame rope "stop it, silly" med ei gråtkvelt stemme, er ganske gøy. I ei ekte futuristisk setting, er det vel å forvente at det er elektronisk rock som gjeld. Musikken er grei nok, og passar godt til spelet.

Det at du kan kopiere musikk frå dine eigne CD-ar vil nok få dei fleste til å lage sitt eige lydspor. Personleg synest eg at eit lydspor med ei god blanding elektronisk metal fungerar bra. Men det er ikkje så mykje som kjem opp mot å pryle opp folk akkompagnert av Michael Jacksons "Bad". Eg synest definitivt at fleire burde benytte seg av denne funksjonen i spela sine, for som folk likar forskjellige spel, likar folk forskjellig musikk. Det er då fint når ein kan velje kva musikk ein vil høyre på, om ein ikkje tåler musikken i spelet. Ikkje at musikk i Deathrow er dårleg, men den manglar kanskje litt for å kome opp til kvaliteten på resten av spelet. Sjølv om grafikken er bra, så er den ikkje akkurat noko som får deg til å sperre opp auga.

Med karakterar som har opp til 7.000 polygonar og 55 bein i kroppen, skulle ein nesten tru at det heile er ein grafikkfest av dei store. For å sei det på ein anna måte; Deathrow ser bra ut. Banene har fine refleksjonar og gode teksturar, men sidan ting går ganske fort for seg, og grafikken er ganske mørk, forsvinn mange av detaljane. Visstnok skal Blitz-spelarane ha så pass godt animerte ansikt at du kan sjå om dei er sinte eller blide. Dei einaste gangane du får sett ansikta deira er når ein kamp startar, og når laga kastar drit på kvarandre for å vise at dei ikkje berre baserar seg på rå muskelkraft. Det som kanskje er det mest positive med grafikken er at det er ingenting å sette fingeren på. Alt ser ut som det skal, verken meir eller minder.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden