Anmeldelse

Deathrow

Folk må vel gå lei av den kjedelege sporten vi ser på TV kvar dag. Eller så tenke vel i alle fall Southend Interactive då dei fant ut dei skulle lage Deathrow. Så kva gjer ein for å finne på noko nytt? Jo, ein fjernar alt som karakteriserar god sportsånd, og pakkar det inn i ei fjern framtid med dop, vold og stygg språkbruk øverst på plakaten.

Side 1
Side 2
Side 3

Muskler og banneord
Ved første augekast har du to hovudingrediensar i Deathrow: Musklar og banneord, men det er eigentleg ikkje heilt sant. Om du leiter i kjerna til Deathrow vil du finne eit veldig gjennomtenkt og godt gjennomført sportsspel. Greit nok, dei fleste vil nok få kick av å banke gørra ut av motspelarane dine til dei haltar seg over bana på veg mot nærmaste helsepakning. Dei kjem ikkje langt sjølvsagt, for eit velplassert spark i nakken vil sende dei flygande mot asfalten. Der blir dei liggande heilt til neste runde. Det fine er at om du gir motspelarane dine nok bank, vil dei ikkje ha nok pengar til å få helsa til alle saman opp på eit stabilt nivå.

I begynnelsen av neste runde kan du berre gå etter dei som ser litt skrøpelege ut for å få dei ut av spel. Om du skulle ønske å vere så brutal som mogleg kan du prøve å få "knock out" på alle motspelarane dine, det vil føre til ein "Team K.O." og du har vunne runda. Men som sagt, det er meir til Deathrow enn å gi og å få pryl. Sportselementa er sterke, og det er stor forskjell på laga. Nokre er treige og egnar seg klart best til skape eit helvete på bana. Men andre lag er ikkje så fysisk sterke og baserar seg mest på fart og spenst. Spelar du med dei meir grasiøse laga er det ikkje så lurt å yppe til for mykje bråk. I motsetning til ein del andre sportsspel der det gjerne blir "springe langt med ballen for å skyte i mål" fungerar Deathrow mykje betre om du prøvar deg på litt skikkeleg teamwork. Om du vel å springe tvers over bana, må du vere klar over at ei hard takling kan kome frå andre vinklar.

Konklusjon
Er denne orgien av vold og dårleg moral verdt å skaffe seg? Det kjem eigentleg litt an på kva du er ute etter i eit spel. Om du ikkje har eit dårleg forhold til hektisk action, vold og banale kommentarar er svaret eit soleklart ja! Å sitte å kose seg med gladvold og kreativ språkbruk ein heil dag verkar kanskje litt meiningslaust, men når det fungerar så bra som det Deathrow gjer, kan det vere så meiningslaust det kan vere for min del. Det er gøy! Deathrow vil halde deg gåande med å få tak i alle dei forskjellige laga og banene, og det vil garantert underhalde deg i mange, mange timar. Som eit av dei aller beste multiplayer-spela på Xbox er det heller ingen tvil om at dette raskt kan bli ein festklassikar. Det er og veldig morosamt at ein kan lage sitt eige lydspor, ei moglegheit som fleire Xbox-spel burde benytte seg av. Om det er etter kvalitetstitlar som Deathrow vi skal dømme framtida til Xbox, så har vi ei lys framtid i møte. Spring til nærmaste butikk og kjøp no. Elles får du svare til støvelen min!

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden