Deep Silver gir ut butikkversjonen av Wasteland 2

inXile lenar seg på ein utgjevar likevel.

Mange Kickstarter-prosjekt har oppnådd stor suksess, og ein av dei aller største suksessane er Wasteland 2 frå inXile. Dette spelet er oppfølgjaren til det post-apokalyptiske rollespelet Wasteland, eit spel som blei utgangspunkt for den langt betre kjende Fallout-serien.

Kickstarter-kampanjen for Wasteland 2 samla inn nesten tre millionar dollar, noko som er over tre gongar så mykje som inXile bad om.

Ny distribusjonsavtale

No har inXile via Kickstarter-sida for spelet kunngjort at dei har inngått eit samarbeid med utgjevaren Deep Silver for å få spelet ut i butikk. Originalt var planen først og fremst å gje ut spelet digitalt, men dette har no endra seg. Avtala med Deep Silver gjev inXile moglegheita til å fokusere fullt og heilt på utviklinga av spelet, medan Deep Silver tek seg av distribusjon og produksjon av fysiske kopiar, samt fleire av belønningane som skal ut til Kickstarter-støttarane.

I oppdateringa på Kickstarter-sida skriv inXile-sjef Brian Fargo følgjande:

«Dette er den perfekte sjansen for inXile. Det tillet oss å fokusere all energien og pengane våre på dei kreative aspekta ved spelet, medan Deep Silver tek spelet ut frå den digitale arenaen. Ein ekstra bonus er at vi kan bruke meir av Kickstarter-pengane på utvikling medan vi framleis har fullt eigarskap og kontroll.»

Nytt brukargrensesnitt visast fram.
Nytt brukargrensesnitt visast fram.

Deep Silver vil altså ikkje ha noko kreativ kontroll over spelet. Ei heller vil dei ha noko innverknad på framtidig utvikling som til dømes eventuelle oppfølgjarar eller utvidingar. Verdt å nemne at dette på ingen måte vil bety nokre endringar for lovnadane om at spelet skal kome utan DRM.

InXile vil framleis ta seg av den digitale distribusjonen av spelet.

På tampen av den ferske oppdateringa har inXile lagt ut eit skjermbilete som viser nye endringar på brukargrensesnittet, noko som har vore ein direkte konsekvens av tilbakemeldingar frå publikum.

Wasteland 2 kjem i sal for Windows og Mac i løpet av oktober.

Les også: Første glimt fra Torment-oppfølgeren
Les også: – Vi prøver å gjenskape følelsen fra Planescape: Torment

Kommentarer (3)

Forsiden akkurat nå

Til toppen