Del Toro-grøssar kan få nytt liv

Stjerneregissøren snakkar med ein «stor» utgjevar.

Under Spike Video Game Awards i 2010 kunngjorde Guillermo Del Toro InSane. Eit skrekkspel som etter planen skulle bli det første spelet i ein trilogi laga for å bokstavleg talt skremme livskiten av deg. Etter den tid har det vore veldig stille om spelet, før THQ i fjor kansellerte heile prosjektet grunna finansielle problem, og overførte lisensen til Del Toro.

Regissøren bak filmar som Pan's Labyrinth, Hellboy-filmane og den komane «robot mot monster»-filmen Pacific Rim har ikkje lete det bety at alt håp er ute. Til Toronto Sun fortel han at han er i samtaler med ein «veldig, veldig stor utgjevar», og viser med det håp om at det ambisiøse prosjektet framleis kan bli ein realitet.

«Eg kan ikkje seie kven, men det er ein av dei store. Dei har verkeleg vore positive til spelet, og kva vi prøvar på,» fortel han og held fram:

«Eg må oppdatere nokre av elementa i spelet, for no har eg sett dei i spel som nett kom ut. Det skjer alltid, men prinsippet er at vi prøvar å lage ei verkeleg oppslukande forteljing. Det er framleis eit veldig utfordrande prosjekt.»

Det er ikkje godt å seie kven denne store utviklaren er. Bethesda er ikkje fjerne for å jobbe med litt skrekk, og kjøpte like godt opp studioet til Resident Evil 4-regissøren Sjinji Mikami som no jobbar med skrekkspelet Zwei. Andre store studio er naturlegvis Acitvision, EA og ikkje minst Ubisoft som nett slapp ut det spenstige zombiespelet ZombiU til Wii U.

Vi skal heller ikkje gløyme at både Microsoft og Sony har leika med grøss i Xbox 360-spelet Alan Wake og det komande PlayStation 3-spelet Beyond: Two Souls. Eit skrekkspel frå ein prominent fyr som Del Toro skadar nok ikkje å ha på lista over eksklusive konsollspel når dei neste konsollane har velta over oss.

Les også: – Jeg vil spille, ikke se en film
Les også: THW utsette alle sine stortitler

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen