Demo for Dungeon Keeper-arvtakar

No kan du sjølv få ein liten smakebit på korleis det er å vere vond.

For nokre veker sidan skreiv vi om War for the Overworld, eit spel laga av ein gjeng som er veldig leie av å vente på Dungeon Keeper 3. War for the Overworld ser ut til å bli det næraste vi kjem eit nytt Dungeon Keeper-spel enn så lenge. Spelet vil by på bygging av utspekulerte grotter fulle av monster, feller og ulike treningsrom.

Det er vel og merke berre om Kickstarter-kampanjen går i boks. Etter at halve tida har gått har dei nesten nådd halve summen på 150 000 pund. Skulle dei klare å nå 225 000 pund før kampanjen er over vil dei hyre inn forteljarstemma frå Dungeon Keeper-spela for å gjenta rolla si i War for the Overworld.

Dette er derimot ikkje dei første interaktive glimta vi har fått av War for the Overworld. Heilt sidan lanseringa av kampanjen har vi fått utforske ein ørliten teknologidemo. I den kunne vi berre springe rundt som ein liten imp for å sjå korleis det heile såg ut frå prespektivet til dei svakaste av dei svake. Etter kvart som finansieringa har rulla inn, har utviklarane opna nye rom slik at vi kan få sjå meir av spelet. Samtidig kan folk vere med på å stemme fram korleis ulike rom og gjenstandar skal sjå ut.

I dag har teknologidemoen fått seg ei solid oppdatering. No får vi sjå det heile ovanfrå i skikkeleg gudestil, og vi kan klikke på blokker dei små impane skal grave ut. Når det er gjort kan vi leggje ned golvflater for ulike rom. Rundt omkring i grotta kan vi i tillegg studere nokre av monstra som vil dukke opp i spelet. Det heile er temmeleg nakent akkurat no, men sidan spelet enno er i ein veldig tidleg fase er ikkje det så rart. Demoen kan lastast ned eller spelast rett frå nettlesaren, og du kan sjå ein demonstrasjonsvideo under artikkelen.

Er du klar for eit nytt spel i Dungeon Keeper-stil, eller høyrer dette fortida til?

Les også: Anmeldelse: A Game of Dwarves
Les også: Minecraft møter Dungeon Keeper

Kommentarer (6)

Forsiden akkurat nå

Til toppen