Demonisk rollespel til Vita

Er du klar for å ofre ein kroppsdel eller to for å fri oss frå det vonde?

Det har vore ganske stille frå Keiji Inafune den siste tida. Mannen som skapte Megaman, og var særs viktig i å få både Onimusha, Dead Rising og Lost Planet ut til folket slutta i Capcom i 2010. Dette skjedde etter at han i lengre tid hadde klaga over kor dårleg det stod til med den japanske spelindustrien.

No ser det derimot ut til at Inafune har fått gløden tilbake, sidan Andriasang kan rapportere at han i lag med Sony har kunngjort Soul Sacrifice. Dette tilsynelatande svært morbide spelet set deg inn i rolla som ein stakkar oppdratt av ein veldig slem trollmann. Rett før du skal ofrast dukkar det derimot opp ei bok som i røynda er ein demon. For å gjere ei kort historie enda kortare endar du opp med å reise inn i boka for å kjempe mot alle beista som finnest der.

Nøyaktig korleis Soul Sacrifice vil fungere i praksis veit vi ikkje enno, men spelet ser ut til å vere noko utanom det vanlege. For å ta knekken på dei mange monstra i spelet må du ta i bruk kraftig magi, og for å bruke magi må du ofre noko. Ofra kan vere noko så enkelt som steinar og busker, men som i det meste her i livet får du det du betalar for. Om du skal ta i bruk verkeleg kraftig magi må du ofre ein bit av deg sjølv.

Eit døme på dette er korleis du kan mane fram det legendariske sverdet Excalibur ved å stikke handa ned i halsen din for å dra ut ryggrada. Eventuelt kan du hogge av deg fingrane for å slå fienden med dei spisse stumpane som står igjen. Korleis du spelar vil i tillegg ha innverknad på di fysiske form.

Du kan derimot ikkje bli for ivrig. Om du ofrar for mykje av deg sjølv vil du etter kvart ende opp som eit monster sjølv. Interessant nok er fiendane i spelet alle menneske som mista kontrollen over kor mange offer dei hadde igjen før det var for seint.

Utover det som verkar å bli ei bloddryppande og bestialsk historie vil Soul Sacrifice i tillegg by på ein fleirspelarmodus for opp mot fire spelarar. Korleis denne vil fungere vitast ikkje akkurat no, men om vi får lov til å ofre andre spelarar er eg definitivt med.

Sony har enno ikkje kunngjort om Soul Sacrifice kjem til Europa, men spelet skal lanserast i Japan komande vinter.

Les også: Megaman-skaper lager rollespill
Les også: – Zombier er upopulært i Japan

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen