Den fyrste utvidinga til Dark Souls III er på veg

PlayStation la ut sleppdatoen på Twitter ved eit uhell.

Dark-Souls-3
From Software

I ei Twitter-melding har PlayStation gått ut med både sleppdato og tittel på den nye utvidinga til Dark Souls III. Antakeleg kan ein allereie 25. oktober spele Dark Souls III: Ashes of Ariandel på PlayStation 4. Andre lekkasjar seier at utvidinga vil bli tilgjengeleg samtidig på Xbox One og PC.

Twitter-meldinga blei seinare sletta, og videoen den viste til er privat, men nettstaden Shacknews.com tok eit skjermbilete av meldinga før den forsvann.

Utvidinga skal i fylgje rykter få ein pris på rundt 160 kroner. Sjølve spelet er for augneblinket på sal på Steam fram til 26. august.

Rykteflom

Lothric har bydd på mange utfordringar. No kjem det fleire.
From Software

PlayStation er ikkje den einaste som har vore kjapp på avtrekkjaren, for eit japansk magasin skal visstnok ha fått bekrefta av Bandai Namco at sleppdatoen blir 26. oktober i Japan, og melder om at utvidinga kjem til å få eit eige område for kampar mellom spelarar. Magasinet Famitsu skal publisere ei rekkje kunstbilete frå utvidinga i slutten av veka.

Allereie no er det kome ein lekkasje om innhaldet i utvidinga, i form av 11 illustrasjonar. Det er førebels uvisst om dette er frå Famitsu. Bileta viser nye typar magi og våpen, samt eit område dekka av snø som liknar veldig på The Painted World of Ariamis frå det fyrste Dark Souls-spelet.

Les vår omtale av Dark Souls III »

Siste fra forsiden