Feature

Desse spela gler vi oss til i september

Sommaren som aldri blei sommar er over, og spelskredet er i gong.

Sommar betyr som regel tørke på spelfronten og «sommaren» vi nett har lagt bak oss har ikkje vore noko unntak. Synd og skam eigentleg. Vi kunne hatt godt av nokre solide spelopplevingar i desse uvanleg kalde og våte månadane. Personleg har eg slite meg gjennom delar av Dragon Age: Inquisition, eit spel som eigentleg burde hatt undertittelen «There and Back Again, and Again, and Again».

Men nok om meg og mine sorger. Eit og anna spel har faktisk dukka opp i tida vi no vinkar adjø til. Den klassiske eventyrserien King's Quest er tilbake med eit sterkt nytt kapittel, medan PlayStation 4-publikummet på seinsommaren har fått kose seg med skrekk og gru i Until Dawn, og diverse mysterium i Everybody's Gone to the Rapture.

I tillegg har vi i løpet av sommaren sett bilfotballspelet Rocket League skyte seg opp til å bli eit fenomen i stadig vekst. Men no er det atter ein gong tid for å sjå framover.

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 1. september

Metal Gear Solid V: The Phantom Pain blir avslutninga på ein epoke i spelhistoria.

Sagaen om Metal Gear Solid, Konami og Hideo Kojima har over det siste året utvikla seg til å bli ein solid såpeopera. Metal Gear Solid V ser etter alt å døme ut til å bli det aller siste Metal Gear Solid-spelet frå Kojima etter at han og Konami har hatt avslutta sitt venskap. Vi får tru krangling internt i Konami ikkje har gått ut over kvaliteten på det som lovar å bli eit på alle måtar massivt og nyskapande spel for serien.

Igjen møter vi Big Boss, ein av etter kvart fleire variantar av den kjende hovudpersonen med skjegg og bandana. Spelet vil by på ei opa verd der du sjølv vil få løyse dei ulike utfordringane på mange forskjellige måtar. På toppen av det kan du garantert vente deg ei saleg blanding av alvor og flåsete humor i kjend Kojima-stil.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Metal Gear Solid V: The Phantom Pain

Mad Max

Plattform: PlayStation 4, Xbox One, Windows
Ute: 1. september

Mad Max er aleine, så alltid.
Warner Bros.

Etter suksessen med den ferske Mad Max-filmen som blei lansert i vår er naturlegvis forventningane til det komande Mad Max-spelet store. For ordens skuld, Mad Max-spelet har ikkje meir til felles med med filmen enn å vere basert på same univers. Såleis har svenske Avalanche Studios hatt rimeleg frie tøylar til å lage eit spel fullt av råkøyring, skyting og kaos, noko dei har bygd seg opp ekspertise på med Just Cause-serien. Vi tok ein kikk på spelet tidlegare i år:

«Det å vere Mad Max var ikkje nødvendigvis den lettaste jobben, men det var i det minste underhaldande. I det eine augneblikket køyrer ein for seg sjølv i spelets store, flotte univers, bergtatt av den omfattande audemarka som ligg for dine hjul, medan ein i det neste kastast ut i heidundrande skuddvekslingar bak det virtuelle rattet.»

Les også
Anmeldelse: PES 2016

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Mad Max

Super Mario Maker

Plattform: Wii U
Ute: 11. september

I Super Mario Maker kan du lage dine eigne Mariobrett.

I 30 år har Super Mario-serien skapt glede i mang ein heim, og i år har Nintendo noko heilt spesielt på lager. I Super Mario Maker får du lage dine heilt eigne brett basert på Super Mario Bros., Super Mario Bros. 3, Super Mario World og New Super Mario Bros. U. Med tilgang på alt frå kjende kulissar til elska og hata fiendar kan du lage akkurat dei utfordringane du vil, og dele dei med vener. Vi var i fyr og flamme etter å ha prøvd spelet:

«Eg følte meg som ein liten unge medan eg spelte Super Mario Maker. Det er den største hedersmerkinga eg kan gje Super Mario Maker. Eg var ein liten unge som hadde laga eit alt for vanskeleg brett eg skulle kome meg gjennom. Eg har ikkje hatt mange like gode introduksjonar til spel som denne, og eg gler meg noko fælt til å prøve meg meir.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Super Mario Maker

FIFA 16

Plattform: PlayStation 4, PlayStation 3, Xbox One, Xbox 360, Windows
Ute: 16. september

Damefotballen får seg eit løft i FIFA 16.

Eit nytt år betyr at eit nytt FIFA-spel er på veg, og 2015 er på ingen måte noko unntak. Endringane i kvart nye spel i serien kan vere både store og små, og i år har EA omsider valt å inkludere kvinner i folkesporten. For første gong blir kvinnelag tilgjengelege i eit FIFA-spel, og spelet byr på tolv lag. Det er på tide, får ein seie.

Ved sidan av dei nye kvinnelaga vil FIFA 16 som kvart nye FIFA-spel by på diverse endringar. Med fleire animasjonar til disposisjon skal til dømes forsvar bli mindre bal, medan laget ditt no skal gjere ein betre jobb i å gjere det du vil dei skal gjere. I tillegg byr spelet no på ein heilt ny treningsmodus som gjennom spelet vil vise deg kva du kan gjere i ulike situasjonar. Garantert velkome for dei som ikkje heilt har fått taket på serien enno.

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på FIFA 16

Forza Motorsport 6

Plattform: Xbox One
Ute: 18. september

Skitvêr er noko av det du kan glede deg til i Forza Motorsport 6.

Forza Motorsport-serien er tilbake i år, og med det kan vi vente oss enda meir realistisk racing enn vi har fått før. Årets store nye trekkplaster er eit nytt vêrsystem som i tillegg til å by på kosmetisk variasjon, vil by på reelle utfordringar for spelaren. Regn kan legge seg i dammar og er du ikkje forsiktig kan vannplaning sende deg rett i grøfta. I tillegg til vêr og vind byr spelet på dobbelt så mange bilar som Forza Motorsport 5. Vi tok ein kikk tidlegare i år:

«Spelet er både realistisk og pent, med eit latterleg stort bilutval å støtte seg på. Omgjevnadane er det heller ikkje mykje å seie på, med bana omkring i Rio de Janeiro som den kulaste vi har prøvd førebels. Likevel er det tydeleg at også her trekk bilane det aller lengste strået, uansett om ein køyrer framsidebilen Ford GT, ein lekker Lamborghini, eller noko heilt anna.»

Sjå bilete, les artiklar og finn beste pris på Forza Motorsport 6

Mykje snacks i kalenderen

Rollespeling av god, gammal årgang i Sword Coast Legends.

September månad byr på litt av kvart i år. Om du treng eit par småsære japanske spel kan kanskje Danganronpa Another Episode: Ultra Despair Girls (phew) eller Hatsune Miku: Project Mirai DX vere noko du bør sjå nærare på.

Har du enno ikkje fått med deg det nyaste eventyret i Broken Sword-serien får du ein ny sjanse no, sidan Broken Sword: The Serpent's Curse lanserast på Xbox One og PlayStation 4. Eit anna spel som byr på teikneseriestil er det strategiske rollespelet Bedlam. Dette spelet er bygd på same motor som The Banner Saga, men er i staden sett til ei Mad Max-inspirert verd.

Om det er sport du vil ha, kan du prøve deg på ishockeyspelet NHL 16. For dei som ikkje heilt finn det dei vil ha i FIFA 16, lanserast òg eit nytt spel i Pro Evolution Soccer-serien denne månaden. Enda meir sport, om enn av eit hakket meir valdeleg slag, får vi i Blood Bowl 2, der både alvar, dvergar og orkar møtast for å sparke ball, edlare delar, og eit hovud eller to.

I september får vi også eit ferskt Dungeons & Dragons-rollespel. I Sword Coast Legends har Dragon Age: Origins-regissør Dan Tudge og hans team gjort eit forsøk på å gjenskape magien frå å spele gamle penn og papir-rollespel.

Som om det ikkje var nok har vi eit flunkande nytt Tony Hawk's Pro Skater-spel i vente, samt storsatsinga LEGO Dimensions der vi får reise til eit mylder av ulike LEGO-verder.

Det var alt for denne gong. Speltørka er over, la det regne!

Siste fra forsiden