Destiny-beta til Xbox neste månad

Snart vil enda fleire få prøve seg på Halo-studioets neste storspel.

Etter å ha gjort seg ferdige med Halo-universet rotta Bungie seg saman med Activision for sitt neste storspel. Ikkje uventa enda dei opp med å kunngjere eit nytt skytespel, men spelet som har fått namnet Destiny blir langt meir enn eit vanleg skytespel med ein robust fleirspelarmodus. I staden har Bungie bygd opp eit nesten-MMO der du spelar på nett saman med mange andre spelarar i eit stort og omfattande univers.

For nokre veker sidan sparka Bungie i gong ein alfatest på PlayStation 4, men vil gå vidare med ein betatest i juli. Denne vil lanserast i midten av månaden på PlayStation 4 og PlayStation 3, men fram til no har det ikkje vore sagt noko konkret om kor vidt Xbox-publikummet ville få lov til å delta i moroa. I dag kan derimot Eurogamer fortelje at Detsiny-betaen vil bli tilgjengeleg på Xbox One og Xbox 360 i slutten av juli.

Tilgjengeleg for alle som førehandsbestiller

Samarbeid er svært viktig i Destiny.
Samarbeid er svært viktig i Destiny.

For å bli med i betaen blir du pent nøydd til å førehandsbestille spelet, og bruke ein kode du får der. Det er altså ikkje mogleg å registrere seg berre for betaen i håp om å finne ut om dette er noko å bruke pengane på.

Om du vil vite meir om Destiny bør du ta ein kikk på vårt intervju med Eric Osborne som er leiande forfattar på Destiny. Han kunne fortelje oss at eitt av måla med Destiny er å by på noko nytt kvar gong du spelar.

Sjølv om Destiny lovar godt er det ikkje berre roser i Bungie-leiren for tida. For nokre månader sidan fekk den respekterte Halo- og Destiny-komponisten Marty O'Donnel sparken, noko han sjølv meiner var heilt utan grunnlag.

Kommentarer (8)

Forsiden akkurat nå

Til toppen