«Det spelar inga rolle om Project Eternity floppar»

Kickstarter har fjerna all risiko for Obsidian.

Project Eternity blei ein braksuksess på Kickstarter. Rollespelet frå veteranane i Obsidian Entertainment traff definitivt ei nerve blant folk, og sette ny rekord på folkefinansieringstenesta.

Kickstarter-kampanjen til Project Eternity runda av med heile 3,9 millionar dollar, men fans har heilt fram til no hatt moglegheita for å støtte prosjektet gjennom PayPal. Den totale sluttsummen har såleis enda opp på gode 4,3 millionar dollar.

Dette er så mykje pengar at Obsidian på ingen måte fryktar for framtida til spelet.

«Det spelar inga rolle om Project Eternity floppar,» fortel Obsidian-designer Chris Avellonne i eit intervju med Gamasutra. «Det fine med Kickstarter er at folk allereie har betalt for spelet. Alt som skjer etterpå er flott, men vi veit kor mykje pengar vi har å lage spelet for.»

Første bilete frå Project Eternity.

«Om Project Eternity blir lansert og sel mange kopiar er det glimrande. Om det sel nok til at vi kan lage nye spel vil vi absolutt gjere det. Skulle vi ikkje tene pengar på det, men likevel vil lage eit nytt spel vil vi nok bruke Kickstarter igjen.»

Sjølv om finansieringskampanjen no er avslutta, kan du likevel førehandskjøpe spelet via Obsidian sine nettsider, eller donere ein sum om du skulle kjenne kallet. Obsidian har ikkje vist meir konkret om spelet enn eit enkelt skjermbilete, men gjennom Kickstarter-kampanjen la dei ut mykje informasjon om både verda, rasar og korleis spelet vil fungere. Alt dette kan du framleis lese på Project Eternity si Kickstarter-side.

Project Eternity skal etter planen vere ferdig i april 2014.

Les også: Utsetjing for Shadowrun Returns Les også: Vil du støtte denne mannen på Kickstarter?

Siste fra forsiden