– Dette er latterleg

Peter Molyneux er ikkje fan av det nye Dungeon Keeper-spelet.

Nyleg lanserte EA eit nytt spel i Dungeon Keeper-serien. Som med dei klassiske strategispela frå 90-talet skal du her òg byggje underjordiske grottesystem i vondskapens teneste. Den store forskjellen er at dette mobilspelet er gratis å laste ned, men nyttar «freemium»-modellen der du må bruke pengar for å låse opp enkelte element, eller for å få ting til å gå raskare.

Slik ser nye Dungeon Keeper ut.

Dette valet har utviklarane hos EA Mythic fått sterke reaksjonar på. Mykje innhald tar svært lang tid å få tilgang på om du ikkje pungar ut, og spelet har blitt skulda for å låse det meste av innhaldet bak ein betalingsmur.

Kristisk Dungeon Keeper-skapar

War for the Overworld lovar å tilby grottegraving av den gamle sorten.

Tidlegare Fable-sjef Peter Molyneux, var i si tid ein av hovuddesignerane bak Dungeon Keeper. Han har prøvd det nye spelet, men har i følgje BBC lite godt å seie om det:

«Eg snudde meg og sa: Kva? Dette er latterleg. Eg vil berre lage ei grotte, ikkje stille alarmklokka inn til å ringe om seks dagar når ei brikke har blitt gravd ut.»

Molyneux meiner vidare at utviklarane ikkje har fått til balansen mellom å gjere det kjent for fans, og lettfatteleg nok for mobilpublikummet.

Om det nye Dungeon Keeper-spelet ikkje var heilt det du hadde håpa på er det likevel håp i horisonten. På tampen av 2012 lanserte ein gjeng Dungeon Keeper-fans ein Kickstarter-kampanje for spelet War for the Overworld. I denne andelege oppfølgjaren skal du som i Dungeon Keeper byggje komplekse grottesystem fulle av beist og vonde skapningar. Teamet har til og med fått skodespelaren som hadde forteljarstemma i dei originale spela til å gjenta rolla si.

Peter Molyneux er på si side oppteken med sitt gudespel Godus. Både War for the Overworld og Godus er tilgjengelege på Steam Early Access.

Siste fra forsiden