Dette får du om du oppgraderer Grand Theft Auto V

Rockstar byr på eksklusivt innhald til dei som tek turen vidare til PlayStation 4 og Xbox One.

Neste månad blir storspelet Grand Theft Auto V lansert på PlayStation 4 og Xbox One. Den nye utgåva av spelet byr på kraftig oppjustert grafikk, der betre teksturar, nye effektar og lengre synsvidde er blant nokre av høgdepunkta. Om du ikkje er ein konsollgamer må du diverre pent sjå deg nøydt til å vente til neste år for å få ta del i moroa.

Mange har allereie kjøpt Grand Theft Auto V, og det er godt mogleg du sit på gjerdet og er litt usikker på om det er verdt å kjøpe spelet ein gong til berre for å få eit penare spel. I dag har Rockstar gått ut med ei liste snekra saman for å freiste akkurat deg. Når Grand Theft Auto V lanserast på PlayStation 4 og Xbox One 18. november får alle som allereie eig spelet ei solid liste med eksklusivt innhald du berre kan få tak i om du allereie eig spelet. Innhaldet blir òg tilgjengeleg på PC når den versjonen lanserast.

Frå nye oppdrag til viltfotografering

Michael får prøve seg som etterforskar i nyversjonen av Grand Theft Auto V.
Michael får prøve seg som etterforskar i nyversjonen av Grand Theft Auto V.

Det er mykje nytt innhald i vente for erfarne Grand Theft Auto V-spelarar. Først på lista kjem ei rekke nye hendingar og premiar. Nye bilar som den påstått faretruande Imponte Duke O'Death, samt det klassiske sjøflyet Dodo er to døme på dette.

Michael får eit heilt nytt eventyr å bryne seg på der han må løyse eit brutalt mordmysterium. Kjem du deg gjennom dette oppdraget vil du låse opp two Noir-inspirerte filter du kan bruke i spelet, eller når du tek bilete.

Ved sidan av dette kjem spelet med nye våpen, nye fotooppdrag der du må ta bilete av dei mange nye dyreartane spelet har å by på, samt ei jakt etter kreasjonane til ein gatekunstnar. Finn du alle desse kan du låse opp sårt trengde apekostyme.

Rockstar fortel dette berre er nokre av dei nye tinga du kan sjå fram til i den ferske versjonen av Grand Theft  Auto V. Ved sidan av dette vil du kunne ta med deg all progresjonen frå GTA Online over i den nye versjonen. Om du vil ha enda meir innhald kan ved å bruke spelets eigen økonomi låse opp alt som tidlegare var eksklusivt i samleutgåvene til Grand Theft Auto V. Om du allereie eig desse utgåvene, blir desse gjenstandane tilgjengeleg frå start.

Vår dom over Grand Theft Auto V var udelt positiv, og vi meinte serien aldri hadde vore betre.

Kommentarer (19)

Forsiden akkurat nå

Til toppen