Deus Ex: The Fall blir mobilspel

Det neste spelet i historia kjem til iPhone og iPad.

For nokre dagar sidan skreiv vi om at Square Enix terga oss med tittelen på eit nytt Deus Ex-prosjekt. I dag har dei letta på sløret, og har kunngjort at Deus Ex: The Fall blir eit spel utvikla eksklusivt for mobile plattformer, og så langt betyr det iPad og Iphone.

I ei pressemelding fortel dei at vi kan forvente oss «den fulle» Deus Ex-opplevinga. Spelet blir altså eit fullt Deus Ex-spel i førsteperson der du kan utforske ulike område og justere kunstige implantat på hovudpersonen slik du sjølv vil.

Deus Ex: The Fall i aksjon.

Historia ser ut til å gå føre seg meir eller mindre parallelt med den i Deus Ex: Human Revolution. Medan Adam Jensen er oppteken med sitt, tek vi på oss rolla som briten Ben Saxon. Dei som har lest boka Deus Ex: The Icarus Effect vil nok kjenne igjen namnet hans, sidan han var hovudperson der. Deus Ex: The Fall blir med det ein direkte oppfølgjar til The Icarus Effect.

I spelet har mektige selskap teke over makta frå ulike styresmakter, og har full kontroll over medisinane folk med kunstige implantat er avhengige av for å overleve. Ben Saxon blir ikkje uventa nøydd til å rydde opp i situasjonen, med så mykje eller så lite vald som det passar deg.

For ein kikk på korleis spelet fungerer i praksis, kan du sjå videoen nedanfor.

Deus Ex: The Fall kjem i sal for iPad og iPhone til sommaren.

Les også: Anmeldelse: Deus Ex: Human Revolution Les også: Forbetra Deus Ex til Wii U

Siste fra forsiden