Devil May Cry-demo neste veke

Snart kan du sjølv prøve ut Dante sine nye eventyr.

Dei blei ikkje reint lite oppstuss då Capcom kunngjorde at det neste spelet i Devil May Cry-serien ville bli laga av britiske Team Ninja. At britane stod ved roret var ikkje det einaste som fekk det til å murre i djupet, men den kvithåra kjekkasen var brått ein ganske ung mann med svart hår.

Om Team Ninja har gjort ein god jobb kan du sjølv få ein smakebit av på tysdag, for då dukkar ein demo av DmC: Devil May Cry opp på Xbox 360. Dagen etter får PlayStation 3-spelarane ta del i det som garantert blir ei lang rekke muntre basketak, får vi vite av Capcom Unity.

Demoen vil by på to ulike oppdrag, og det eine vil la deg bryne deg på ein sjefskamp. Om du er opptatt av solide utfordringar vil spelet by på nokre ulike vanskegrader inkludert Son of Sparda som blir låst opp når du har runda begge oppdraga. I tillegg får vi prøve oss på å oppgradere våpen.

Sparke rumpe sa du? Neida, vi fyller den med bly.

Utover dette har Capcom kunngjort at den tidlegare annonserte karakteren Virgil ikkje berre blir ei viktig historiebrikke i spelet. Du vil få spele som Dante sin bror i ei utviding som blir tilgjengeleg ei tid etter lansering. Virgil vil ha eigne angrep og rørsler, og vil kjempe mot nye fiendar i nye område.

Vi har allereie sett på DmC: Devil May Cry nokre gongar, og kan konstatere at sjølv om det er mykje nytt i dette spelet, er det framleis utvilsamt Devil May Cry:

«Kampmekanikken er oppgradert med mange fleire val, og større variasjon i det allereie velkjende Devil May Cry-gameplayet. Omgivnadene er det som moglegvis vil bli den største forandringa, ettersom du blir nøydt til å manøvrere ein interessant by som både direkte motarbeider og prøvar å drepe deg. Du vil finne deg i haugevis av kreative og psykedeliske omgivnader som alle ser imponerande ut. Tåler du dubstep har du til og med enda meir å glede deg til.»

DmC: Devil May Cry kjem i sal for PlayStation 3 og Xbox 360 15. januar. Nokon dato for PC-versjonen er ikkje kunngjort.

Les også: Anmeldelse: El Shaddai: Ascension of the Metatron Les også: Bayonetta wer tilbake

Siste fra forsiden