Devil May Cry-studioets neste spel får PC-versjon

Ninja Theory vil dra nytte av PC-fordelar under utviklinga av actionspelet Hellblade.

Britiske Ninja Theory blei for alvor kjende med det PlayStation 3-eksklusive actionspelet Heavenly Sword i 2007. Etter den tid har dei jobba for ulike utgjevarar med spel som Enslaved for Bandai Namco, og sist med DmC: Devil May Cry for Capcom.

Deira neste prosjekt Hellblade blei avduka under spelmessa GamesCom i sommar, og med dette spelet prøvar dei seg utan utgjevar, og med ein svært open utviklingsprosess. Ved å ta turen til nettsidene til Ninja Theory kan alle som vil få eit innblikk i korleis spelet blir bygd opp, samt kva avjgersler som blir tekne undervegs.

Får PC-versjon

Konseptkunst frå Hellblade.

Hellblade blei først kunngjort for PlayStation 4, men i dag har Ninja Theory via nettsidene sine avslørt at det kjem til PC òg. Til PC Gamer fortel Ninja Theory-sjef Tameem Antoinades litt om kvifor dei har valt å lage ein PC-versjon:

«PC tilbyr oss ein fridom vi ikkje har hatt før. Konsollane heng fleire år etter PC og ting som Steam. Om vi vil gjere noko slikt som ein open beta blir det vanskelegare på konsoll. Det er heilt essensielt for oss å få spelet ut til folk slik at dei kan teste det, slik at vi kan få tilbakemeldingar vi kan ta med oss for å forbetre spelet. Det er ikkje noko alle utgjevarar tillet oss å gjere.»

Ninja Theory satsar på å gjere Hellblade så framtidsretta som mogleg på PC, og vil få støtte for 4K-oppløysing. Teamet vurderer òg å opne opp for brukarmodifikasjonar.

Detaljane om kva spel Hellblade vil bli er så langt få. Det vi veit er at det hentar keltisk inspirasjon, og vil bli eit actionspel.

Siste fra forsiden