Anmeldelse

Devil May Cry 3

I fare for å hisse på meg alle som ser på Dante som ein moderne gud, er eg nøtt til å få fram at Dante kanskje er den definitivt teitaste "helten" eg nokon gong har vore i kontakt med. Om du ikkje fullstendig ignorerer hans krampaktige forsøk på å vere kul, er det vanskeleg å ta dette spelet seriøst. Det er kanskje ikkje eit spel som direkte tryglar deg om å bli tatt seriøst, men om du er på jakt etter ei god historie mellom hektiske action-sekvensar, kjem du til å slite med Devil May Cry 3. Det verste er at det eigentleg ikkje er heilt tydeleg om spelet i det heile tatt prøvar å vere morosamt. Uansett handlar Devil May Cry 3 kun om ein ting, og ein ting aleine: slakte ned alt som bevegar seg i eit skyhøgt tempo utan sidestykke.

Av ein eller anna grunn har Capcom bestemt seg for å sparke kongeleg rumpe med Devil May Cry 3. Altså, bokstaveleg talt sparke rumpe til den ser ut som ein regnboge. I Europa og Amerika får vi servert ein versjon der normal vanskelegheitsgrad er akkurat den same som vanskeleg i Japan. I byrjinga går alt eigentleg heilt greit, det er definitivt utfordrande, men ikkje i den grad at det skulle skremme nokon med litt erfaring. Det er først når ein møter ein sjef, at spelet sin sanne natur viser seg. Dei kan vere brutalt vanskelege, og sidan du kun kan lagre framgangen din mellom bretta (med mindre du har spesielle krystallar), endar du raskt opp med å måtte byrje på nytt. I og med at vanskelegheitsgrada på sjefane er mykje større enn alt anna i spelet, rasar du gjennom kapittela mange gongar, dør ved sjefen, og startar om igjen.

Angrip, dø, gjenta
Sjølv om spelet har superb nivådesign, og eit usannsynleg engasjerande kontrollsystem, blir ein lei av å spele dei same bretta om igjen. Det blir etter kvart for lett til at ein eigentleg bryr seg, og den einaste utfordringa i den store samanhenga kjem i form av sjefskampane. Enten burde Capcom ha gjort sjefane svakare, eller resten av spelet vanskelegare. Sistnemnte er vel for mange eit uaktuelt alternativ, men ein betre balanse hadde ikkje vore å forakte. Du får riktignok låse opp lettare vanskelegheitsgrad eit lite stykke ut i spelet, men etter å ha tilpassa seg normal vanskelegheitsgrad, blir det for simpelt og kjedeleg på lett. Spesielt sidan du ved å velje lett vanskelegheitsgrad må spele spelet heilt frå byrjinga.

Om du først dør, må du setje i gong på byrjinga av brettet. På den eine sida gjer dette deg betre. Du kan lagre statusen din når som helst, noko som lar deg spele om igjen eit nivå med like høg erfaring, og like mange ressursar som forrige gong du lagra. Det endar fort opp med at du spelar brett om igjen for å få nok krystallar til å oppgradere våpna dine, eller kjøpe nye ferdigheiter. Kall det kva du vil, men det dreg ut levetida, og nivåa er bygd opp på ein svært solid måte som omtrent aldri gjer det keisamt. På den andre sida går ein litt lei av å spele dei same bretta om igjen. Når du kan eit brett utanatt, og kan gå gjennom det med ei hand på ryggen er ikkje det min visjon av grensesprengjande speldesign.

Vanvittig akrobatikk
For all del, det er veldig moro. Det einaste som etter kvart kanskje byrjar å irritere litt, er at du mykje heller vil vidare, slik at du potensielt sett kan ha det enda meir moro. Ei stor drivkraft ligg i dei forskjellige spesialtriksa til Dante, for er det ein ting han kan, er det å utføre spektakulære angrep. Det er ei direkte fryd å kaste seg inn i ein fiende med sverdet først, hoppe i lufta, ta ein piruett der du skyter med pistolane i alle retningar, før du landar på fienden med eit solid slag med sverdet. Alt går i eit vanvittig tempo, og når kontrollane har så god og umiddelbar respons som det vi finn her, blir det raskt ein action-fan sin våte draum.

Capcom har tatt eit stort steg i riktig retning for å gjere spelet mest mogleg tilgjengeleg for alle. I Devil May Cry 3 kan du i utgangspunktet velje mellom fire spelestilar, for å skreddarsy spelet etter dine behov. Kva stil du har valt, vil direkte påverke kva nye ferdigheiter du får. Kvar stil får også erfaringspoeng som etter kvart gir deg nye spesialangrep. I tillegg gir kvar spelestil deg forskjellige standardangrep, noko som gjer det lett å skreddarsy spelet etter dine behov. I den store samanhenga er det ikkje frykteleg mykje som skiljer spelestilane, men det er dei små forskjellane som verkeleg gjer det til noko som er verdt å bry seg med. Du har eigne spelestilar for det meste, uansett om du likar nærkamp, eller å halde deg litt i bakgrunnen.

Devil May Cry 3 PS2 PS2 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 12. juni 2007
  • Plattform: PlayStation 2

Kommentarer (1)

Forsiden akkurat nå

Til toppen