Anmeldelse

Devil May Cry 4

Ein deppa djevel

Når skal folk læra? Djevlar og kjærleik er to motsetningar som berre ikkje kan fungere.

I det siste Devil May Cry-spelet har Dante plassert seg litt i bakgrunnen. Vi blir i staden kjend med den unge og forelska mannen Nero. Han er på mange måtar Dantes rake motsetning, sjølv om han samtidig er heilt lik. Det er som å ta to søner, like i både kroppsfasong og framtreden, og gi dei to ytterkantar av mental forbruksvare.

Trailer fra Devil May Cry 4

Vis større

Trailer: Devil May Cry 4 #2

Stikkord:
  • action
  • spill
  • xbox 360
  • pc
  • playstation 3
  • devil may cry


Kjennarar av Devil May Cry-serien veit at Dante tar svært lite alvorleg. Når han ser ein gigantisk steinskaping ta til lufta, fnysar han ut ein imponert latter, og seier «Sjå, den har venger!». Nero hadde nok heller sagt «Å nei, den har venger, eg døyr innvendig». Kanskje ikkje heilt, han hadde nok reagert med å springe mot utysket for å i det minste gjere eit forsøk på å lage småstein av det, men motivasjonen og moralen er nok ein heilt anna. Der Dante ser på alt som heller komisk, ser Nero det så trist at det faktisk endar opp som heller ufrivillig latterleg.

Nero er svært tragisk, men ikkje i så stor grad at du bryr deg. Det er strengt tatt vanskeleg å bry seg om nokon av dei svært karikerte figurane du møtet i spelet. I staden blir det litt tragikomisk, på feil måte. Dette er eit spel der det er viktigare at dei mange filmsekvensane er godt regisserte, enn at historia dei fortel held mål. Capcom innfrir for så vidt på det første punktet. Dei mange sekvensane har stram regi, og Capcom spyttar på med alt det krutet dei har. Resultatet er ei historie som stinkar verre enn hønedrit, men engasjerar lell. Habilt skodespel kjem ein òg eit stykke med, sjølv om ingen av skodespelarane får seg ein pokal med det første.

Våpen med hestekrefter

Historia er eigentleg veldig uvesentleg. Devil May Cry 4 handlar om akkurat det same som dei tidlegare spela handla om. Du blir sendt gjennom korridorar og store rom, og må hakke deg veg gjennom den eine demonen etter den andre. Ingenting er nytt her, og dette er både det beste og det verste med spelet. Du kan krangle deg til at Nero er ny, og at han har nokre eigenskapar Dante gjerne skulle hatt, men sjølve essensen av korleis Devil May Cry 4 oppfører seg er (til stor glede for mange) ein blåkopi av dei tidlegare spela.

Nero har eitt viktig våpen som eigentleg gjer det meir underhaldande å spele som han enn det nokon gang var med Dante. Han har ein arm. Ein blå og sjølvlysande arm. Denne kan han bruke til banale ting som å kaste seg mellom lyskuler, men den har ein anna funksjon òg. Nero kan bruke armen til å dra fiendane mot seg. Dette aukar tempoet i kampane dramatisk. Nero flyr ikkje berre over skjermen, han sug til seg fiendane, høgg dei opp i ein virvelvind av sverdblad, og spyttar ut restane, før han er på den neste fienden. Det er lett å bli begeistra der ein sit med all verdas makt mellom hendene. Denne serien set sin lit til gode utfordringar i eit høgt og estetisk tempo, og Devil May Cry 4 består dette med glans.

For å lære seg å forstå alle teknikkar spelet gir deg kontroll over, har vanskegrada fått seg ei hard justering. Ikkje berre kan du velje mellom to vanskegrader, men utfordringskurva er mykje slakkare enn før. Du får god tid til å kome inn i systemet før dei store utfordringane bankar på døra. Når dette først skjer, skjer det raskt og brutalt, men du kjem deg gjennom det. Det er ei viss fare for at du får ei svært smertefull krampe i tommelfingeren, spesielt etter dei sinnssjukt engasjerande sjefskampane, så det er best å ha litt is lett tilgjengeleg.

Capcom

Spelet er lagt opp på ein svært enkel måte. Nero, i likskap med Dante, har to våpen. Det eine er eit sverd og det andre er ein pistol. Du kjem til å bruke sverdet mest, sidan pistolen for det meste er ubrukeleg. Kvart av våpna er lagt til kvar sin knapp, og du utfører kombinasjonsangrep ved å trykke på den respektive knappen. For sverdet kan du i tillegg bruke styrestikka for å utføre spenstige angrep som å suse mot fienden, eller kaste fienden opp i lufta før du sender nokre velplasserte slag mot han i eit høgt tempo. For dei som ikkje forstår seg på slikt, har Capcom lagt til eit automatisk kampsystem, der alle komboangrep blir utført med angrepsknappen aleine.

Etter kvart som du banar deg veg innover i spelet vil du kunne kjøpe nye triks til Nero. Du kan velje mellom nokre litt sterkare skot for pistolen (ganske bortkasta eigentleg, sidan sverdet er og blir mykje meir effektivt), spesialangrep for sverdet, eller litt ekstra akrobatikk. Sistnemnde kan kome svært godt med, sidan det let deg springe fortare, eller danse unna fiendtlege angrep utan større problem. Om du skulle innsjå at du har kjøpt feil ting, har Capcom vore snille nok til å la oss få lov til å ombestemme oss. Om du har kjøpt noko du ikkje vil ha, kan du sende det tilbake, og bruke poenga på noko anna i staden.

Trang action

Som med tidlegare spel blir vi sendt gjennom gamle bygningar der ein kamp oppstår i avstengde område. Når du entrar eit rom der ein kamp oppstår, vil raude trådar spinne seg saman framfor inngangspartiet inntil alle fiendane har bøta med livet. Alt er med andre ord som før, og det er akkurat dette som får motivasjonen til å svinne litt etter nokre timar. Ikkje berre har du gjort dette før i tidlegare spel, men etter nokre nivå kjem ei uggen kjensle av at du gjer det same heile tida, utan noko meiningsfull form for utvikling. Heile spelet er praktisk talt bygd opp av rom som ikkje skiljar seg nemneverdig frå det førre, og du blir litt desorientert av både mangel på retningssans og progresjon. Det velpolerte kampsystemet er det einaste som reddar spelet, og held det oppe i time etter time.

Repetisjonen i spelet blir forverra av noko som i alle år har plaga spel med fastlåste kameravinklar. Devil May Cry 4 har i sann tradisjon låst kameraet i estetisk flotte posisjonar som får alt til å sjå så bra ut som mogleg. Kameraet i seg sjølv er ikkje eit problem, problemet kjem i korleis dei forskjellege romma er sett saman. Om du går inn i dør ved å springe bort frå kameraet sin posisjon, kjem du ofte ut døra ved å springe mot kameraet. Dette byr på stor forvirring, sidan retninga på analogstikka ikkje samsvarar med kva retning Nero spring. Du held kanskje stikka oppover i det du spring inn døra, men i det neste rommet må du trykkje nedover for å springe fram. Før du har innsett dette har du allereie sprunge tilbake til rommet du kom frå.

Mellom åtte og ti timar ut i spelet får du spele som Dante, og her innser ein verkeleg kor einsformig spelet er. På dette punktet fell spelet fullstendig saman. Ikkje berre innser du litt smådeprimert at det var mykje meir engasjerande å spele som Nero, men i tillegg spring Dante berre gjennom dei områda du nett luka ut som Nero. I tillegg til dette må du ta opp kampen mot sjefsmonster Nero allereie har gitt pryl. Dante i seg sjølv er ein spenstig helt, og han har ei rekke solide angrep, men det kjem aldri heilt opp på nivået til Nero.

Du byrjar å kjede deg litt, uavhengig av kor høgt tempoet er, og det er litt uhaldbart å berre resirkulere dei same nivåa om igjen. Det er ein billeg utveg som svekkar spelet voldsamt. Det heile blir veldig pussig med tanke på kor lang tid det tek deg å nå dette punktet. Capcom hadde vore tent med å avslutte spelet her, i staden for halde fram med å sende deg ut på ein ny tur gjennom område du allereie har vore gjennom.

Solid presentasjon

Mangelen på variasjon er temmeleg trist, for spelet ser absolutt bra ut. Vi får utforske område som er mange gongar større enn noko serien har vist oss før, og både animasjon og detaljrikdom er av ypparste vare. Dei storslagne slotta er veldig stemningsfulle, noko som blir støtta opp av atmosfæriske lydar og dyster musikk. Musikken held seg til kjende stiar den òg, for så snart du hamnar i kamp, blir du møtt av litt industriell popmetal. Det er heilt greitt dei første kampane. Låta er ikkje spesielt bra, men den får jobben gjort. Etter nokre hundre kampar derimot, blir du lei. Den låta som i byrjinga var heilt grei, går deg etter kvart på nervane.

Devil May Cry 4 er identisk på både Xbox 360 og PlayStation 3. Eg er ikkje i stand til å sjå nokon forskjell, og det einaste som kan skilje spelet er lastetidene. I seg sjølv er dei minimale, og på Xbox 360 vil du knapt tenkje over det. Om du kjøper spelet til PlayStation 3 vil du først måtte bruke omlag tjue minutt på å installere spelet. Etter dette vil du knapt merke ei einaste lastetid, noko som gjer flyten i spelet enda betre. Med dei korte lastetidene på Xbox 360 blir det ikkje eit stort salspunkt for PlayStation 3-versjonen, men om du får mark av å sjå ein lasteskjerm i så lite som to eller tre sekund, veit du kva versjon du bør gå for.

Konklusjon

Om du elskar Dante og forgudar spela han har slått seg veg gjennom, kjem du til å få akkurat det du håpar på med Devil May Cry 4. Her er absolutt ingenting verkeleg nytt, sidan den nye hovudpersonen gjennom store delar av spelet oppfører seg temmeleg likt det ein er vand med frå Dante. Om du berre er på jakt etter eit underhaldande actionspel, finn du akkurat det du er på jakt etter her, sjølv om det finnest betre alternativ der ute. Devil May Cry 4 er ekstremt underhaldande ei stund, men etter kvart som timane går, blir ein litt lei repetisjonen og den uendelege traskinga fram og tilbake gjennom rom ein har sett mange gangar allereie.

Kampsystemet i seg sjølv er likevel så velpolert at det er lett å la seg spele gjennom eit nivå til, om ikkje anna, så for å sjå enda ein av dei velpolerte filmsnuttane.

Siste fra forsiden