Anmeldelse

Disgaea: Hour of Darkness

Laharl er den rettmessige arvingen til trona i underverda, men akk, som det gjerne går når ein presterar å forsove seg i to år, er det andre som gjerne nyttar sjansen. Du skjønar, Kong Krichevskoy, den regjerande kongen, gikk av med døden i løpet av denne "forsovingsperioden". Først når to år er omme, greier demonen Etna å vekke Laharl, i eit av utallige forsøk på å *kremt* drepe han.

Prøv å forstå det den som vil
Etna blir etter kvart tilsynelatande Laharls partner i dei demoniske drifter spelet utsetter deg for. Ho bringer også med seg sine trufaste lakeiar, tre små pingvinliknande skapningar med ein forkjærleik for ordet "dood". I byrjinga blir det nok desse fem skapningane du brukar. Heilt til du oppdagar "Dark Assembly" der du kan lage eigne karakterar til du får mark, og må ta deg ei pause. Heile spelet er gjennomsyra av herleg satirisk humor, noko som har ein tendens til å gjere pausene korte.

Har du spelt konsoll-rollespel før kjem du sannsynlegvis raskt til å lure på kva i granskauen dette her skal forestille. Har du spelt taktiske rollespel før, som til dømes Final Fantasy Tactics, vil du raskt føle deg som heime. Det meste skjer på same måte, det er ein del susling i menyar, og alle kampar foregår på isometriske brett. Du flyttar karakterane rute for rute, og plassering er essensielt. Den store forskjellen er at Disgaea har sånn ca. ti tusen gonger meir du kan bryne deg på. Ti tusen er forresten også maksgrensa på kor mange erfaringsnivå du kan ha.

Det er så mykje å gjere i Disgaea at det er vanskeleg å vite kva ein skal byrje med. Det luraste er kanskje det du først kjem til å bruke tid på; kamp. Som sagt foregår det på isometriske brett. Det er ingen tusling rundt i byar, og alle historiesekvensar skjer med ein statisk bakgrunn der all dialog skjer via karakterar som dukkar opp etter tur, og avleverar sine linjer. Sjølve konseptet er veldig enkelt. Dessutan dukkar det ofte opp eit par gullkorn i desse sekvensane, som bringer latteren fram. Du vil sannsynlegvis vinne din første kamp i løpet av ein halvtime, men å meistre spelet og alt det har å by på gjer du sannsynlegvis ikkje før etter fleire titals timar.

Lettfatteleg, men avansert kamp
Du har fire ting du bør hugse på i kamp: enkeltangrep, lenkeangrep, komboangrep og spesialangrep. Ved enkeltangrep utfører du, som ordet antyder, kun eit standard angrep, men samtidig er det slik du unngår å få bonusar. Bonusar får du ved å lenke saman fleire angrep etter kvarandre. Det mest underhaldande aspektet ved kampane kjem uansett i form av komboangrep og spesialangrep. Komboangrep blir utført ved at to til fire karakterar på laget ditt står ved sida av kvarandre. Desse vil då alle kunne angripe ein fiende utan å bruke sin tur på det, noko som kan vise seg å bli ein stor og viktig fordel. Men hugs at fienden kan gjere det same, så plassering er alltid noko av det viktigaste i ein kamp. Den siste forma for angrep er spesialangrep. Desse er dei desidert kraftigaste angrepa, men dei et også opp SP-poeng, og bør brukast med forsiktigheit.

Når ein kamp er over får du pengar og gjenstandar du kan bruke eller selje, alt ettersom. Du får nok ein del juling også, men dette kan du ordne på mellom kvar kamp ved å gå til sjukestua du finn i basen din. Ved å betale summen som er påkrevd kan du få alle karakterane dine opp til full helse på ein blunk. Mynteininga i Disgaea er "helvete"(!), og du brukar helvete på å helbrede karakterane dine, og å kjøpe nytt utstyr. Ein smart del av butikksystemet i Disgaea er at du får erfaringspoeng ved å handle. Handlar du mykje vil du gå opp i kundenivå, og få betre prisar og gode tilbod.

Disgaea: Hour of Darkness PS2 PS2 Windows

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 28. mai 2004
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: KOEI
  • Utvikler: Nippon Ichi

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen