Anmeldelse

Disgaea: Hour of Darkness

Du må sannsynlegvis ta deg ein tur til bunnen av Marianergropa for å finne noko med meir dybde enn Disgaea: Hour of Darkness. Om du ikkje blir skremt av tanken, kan du forville deg inn i denne skrullete verda i lang, lang tid framover.

Side 1
Side 2
Side 3

Kompliserte menyar Eit fritt roterande kamera hadde vore å føretrekke, eller i det minste færre søyler som forstyrrar synsvinkelen. Eit liknande problem kjem i form av flytting av markøren. Skal du flytte markøren frå ei side av eit brett til ei anna, kan høgdeforskjellar i landskapet føre til at du fullstendig mistar kontrollen over kvar markøren i det heile tatt er. Menyane er ikkje heilt feilfrie heller. Det kan ta litt tid å lære seg kvar alt ligg. Det er trass alt eit ganske omfattande spel, men ting hadde vore enklare om knappar ikkje totalt bytta funksjon avhengig av kva meny du er på. I bunn og grunn er dette små bagatellar som kun vil oppta deg litt den første tida du speler. Etter kvart følest det meste naturleg, reint bortsett frå markøren som på visse brett blir litt vanskeleg.

Disgaea: Hour of Darkness har det vi på godt norsk kallar speledåsemusikk. Den augeblinken du startar Disgaea vil du skjøne at dette er eit humoristisk spel med demoniske overtonar. Det er klassisk "pling plong"-musikk, som blanda med litt syrejazz resulterar i noko som du ikkje skal sjå bort ifrå vil lime seg fast til hjernebarken. Likevel, det kunne ha vore litt meir variasjon, då musikken gjentek seg en del. Det blir aldri irriterande, men etter ei stund dukkar kanskje ein tanke opp om at du har høyrt denne melodilinja frykteleg mange gonger på kort tid.

Om ein skal karakterisere snakkinga i Disgaea på ein enkel måte må det vere at ho er typisk anime-dubbing med eit heller moderat budsjett. Til og med ein del av stemmene høyrest veldig kjende ut. Dubbinga er heilt grei den, men den kunne godt ha vore betre. Den "hysteriske" latteren som dukkar opp med jamne mellomrom er ikkje fullt så hysterisk som ein kanskje skulle ynskje, og ein rasande demon er kanskje ikkje heilt overbevisande. Lydeffektane elles består av det ein som oftest forventar seg frå eit japansk rollespel. Det er ganske typiske lydar som verken imponerar eller fornærmar.

Konklusjon Trass i sine små manglar og feil, byr Disgaea på ein av dei mest forfriskande opplevingane så langt i år. Det tar seg sjølv herleg useriøst, og byr på så mange timar med fantastisk underhaldning at nattesøvnen kan ta ferie. Det er absolutt ikkje eit spel for alle, men det prøvar det ikkje på heller. Disgaea: Hour of Darkness er eit hardbarka gamer-spel for folk som ikkje er redde for å måtte bruke hjernen no og då. Det du får her er noko som nesten er utenkeleg, eit spel med enormt mange moglegheiter, men som aldri mistar fokus. Uansett kor langt inn i spelets detaljerike verd du ynskjer å gå, er det aldri vanskeleg å gå tilbake til tryggheita basen din gir deg. Vil du ha eit spel med uante moglegheiter, nær evigvarande levetid og mykje moro, kan Disgaea: Hour of Darkness tilby alt dette, med renter.

Side 1
Side 2
Side 3

Siste fra forsiden