(Bilde: Larian)

Divinity: Original Sin kjem til Xbox One og PlayStation 4

Det herlege rollespelet får omfattande endringar og nyslepp til hausten.

Divinity: Original Sin blei lansert til stor fanfare i fjor sommar. Det turbaserte rollespelet blei finansisert gjennom Kickstarter, og enda opp med å ei perle for fans av gode, gamle rollespel.

I fjor haust fekk spelet ei gratis oppdatering, og komande haust er det atter ein gong tid for meir Divinity. Då lanserast Divinity: Original Sin på Xbox One og PlayStation 4 i ein ny og bearbeida versjon, fortel Eurogamer. Denne versjonen vil òg lanserast som ei gratis oppdatering for dei som allereie har spelet på Windows eller Mac.

Konsollversjonane av Divinity: Original Sin vil få eit heilt nytt kontrollsystem tilpassa handkontroll, og spelet vil støtte fleirspelar via delt skjerm, eller over nettet.

Som eit nytt spel

Divinity: Original Sin kjem til konsoll seinare i år.
Divinity: Original Sin kjem til konsoll seinare i år. Bilde: Larian

Den nye versjonen av Divinity: Original Sin får tilnamnet Enhanced Edition og vil bli ein heilt ny versjon av spelet. Det visuelle har fått seg ein finpuss, men utviklarane hos Larian har i tillegg arbeida vidare med historia, og då spesielt med midten av spelet, og avslutninga.

Endringane Larian har gjort er så omfattande at Enhanced Edition i essensen er eit heilt nytt spel. Om du har spelet frå før vil den nye versjonen bli ein sjølvstendig tittel, og du vil måtte starte spelet på ny.

Suksessen til Divinity: Original Sin blei rednininga for Larian Studios som var på litt ustø kurs etter Divinity II: Ego Draconis frå 2009. Ved sidan av den nye versjonen av Divinity: Original Sin jobbar dei no med to heilt nye rollespel.

Kommentarer (7)

Forsiden akkurat nå

Til toppen