Døden er død, igjen

Death Inc.-studioet legger ned.

Etter ein mislukka Kickstarter-kampanje for det kreative strategispelet Death Inc., prøvde utviklarane hos Ambient Studios å finansiere spelet sitt på andre måtar. Sjølv om Kickstarter-draumen var over, satsa dei på ein Minecraft-vri ved å tilby ein alfaversjon av spelet sitt mot betaling.

Dette har tydelegvis ikkje vore nok for å halde det vesle utviklarstudioet i live. I dag har dei på Facebook og nettsidene sine fortalt at dei stenger dørene, og avsluttar utviklinga av Death Inc.. Alle som har donert pengar til prosjektet vil få dei tilbake.

Ambient studios blei grunnlagt av avhopparar frå Media Molecule, eit studio som i si tid blei starta av Lionhead Studios-avhopparar. Fleire på teamet har vore med på å skape spel som LittleBigPlanet og Fable-serien, og den særeigne «Guildford-sjarmen» var lett å sjå i Death Inc..

Rosa død, kan du tenkje deg noko verre?

Om Death Inc. hadde enda opp som ein realitet ville du ha teke på deg rolla som døden. I eit strategispel som blanda både basebygging i Dungeon Keeper-stil med krigføring i sanntid ville du reist rundt for å spreie svarteduaden. Alle dom døydde ville bli ein del av krigstoget ditt. Det mest unike og spesielle med Death Inc. var derimot kontrollsystemet som gav deg direkte kontroll over figurane på skjermen. I staden for å velje soldatar for så å klikke kvar dei skulle gå, kunne du heller måle inn vegen deira ved å halde inn museknappen.

No er derimot eventyret over for Ambient Studios, og vi får berre ynskje teamet lukke til vidare.

Les også: Lekkert eventyr fra bransjeveteraner Les også: Torment-oppfølgjaren sette Kickstarter-rekord

Siste fra forsiden