Donkey Kong Country Returns kjem til 3DS

Verdas beste gorilla vender tilbake.

I dagens Nintendo Direct-sending hadde Nintendo ei finfin overasking å kome med. Om du aldri fekk med deg Donkey Kong Country på Wii, får du sjansen på ny. Til sommaren dukkar spelet opp til 3DS. Dette betyr sjølvsagt full 3D, og i følgje Nintendo er spelet bygd opp frå grunnen av for å tilpasse det den vesle konsollen. Kva det betyr i praksis er det førebels ingen utanfor Nintendo som veit.

Donkey Kong Country Returns dukka først opp til Wii i 2010. Spelet var bygd på sei same pillarane som Rare slo ned i bakken med dei første Donkey Kong Country-spela til Super Nintendo; solid og artig sideskrollande plattformaction.

Sjefsgorillaen i staben vår var svært nøgd med spelet, og klinka til med ein solid åttar i si omtale:

«Brettdesignet er noko av det beste eg har sett i plattformspel på lenge, med variasjonar, overraskingar og hemmelegheiter i kvar krok på kvart brett. Spelet sin estetikk komplimenterer eit allereie godt design med nostalgisk musikk og fargerike omgivnader.»

Donkey Kong Country Returns blei utvikla av Metroid Prime-utviklarane Retro Studios. Om dei står bak denne versjonen òg har ikkje Nintendo sagt noko om.

Donkey Kong Country Returns 3D kjem i sal for 3DS til sommaren.

Les også: De 5 beste plattformspillene Les også: LittleBigPlanet 3 kan være på vei

Siste fra forsiden