Dota 2 er lansert for Linux og Mac

Ventetida blei ikkje lang om du ikkje rugar på ein Windows-PC.

Førre veke blei Dota 2 offisielt lansert for Windows. Arenaspelet har vore tilgjengeleg for dei fleste gjennom betatesting over lengre tid, men det er først no at alle som ville kunne hoppe inn i den endelege versjonen. Det vil seie, alle som spelte på Windows.

Lovnadane om ein nært føreståande versjon for Linux og Mac kom derimot kjapt, og i dag har Valve kunngjort at spelet er tilgjengeleg på alle plattformene vi var lova.

I tillegg til lansering for Linux og Mac har Valve lagt ut ei oppdatering med fleire store og små endringar.

Spelet har fått ei rekke små endringar på brukargrensesnittet som forhåpentlegvis vil gjere spelet meir oversiktleg. I tillegg har Earthshaker fått seg ein flunkande ny modell, og på toppen av det heile har ei rekke tekniske skavankar blitt fiksa på. Du kan sjå ei oversikt over alle endringane – samt systemkrava på Linux og Mac – på Valve sine nettsider.

Les også: Sniktitt: Infinite Crisis Les også: Valve og Twitch inngår Dota 2-samarbeid

Siste fra forsiden