Dota 2 kommer snart til Linux og Mac

Windows-versjonen er lansert, og snart står fleire plattformer for tur.

Sjølv om Dota 2 har vore tilgjengeleg i betaversjon i to år, var det ikkje før i natt norsk tid at spelet blei offisielt lansert. Den lanseringa gjaldt derimot berre for Windows-versjonen. Massane har venta i spaning på kva som vil skje med Mac-versjonen, og ikkje minst om Valve ville by på ein Linux-versjon.

Etter lanseringa har vi kome eit lite steg nærare svara vi har venta på. At ein Mac-versjon ville bli tilgjengeleg har vore kjent lenge, men at Valve har jobba med ein Linux-versjon av onlinespelet har ikkje vore stadfesta før Valve oppdaterte FAQ-seksjonen sin i samband med lanseringa av Dota 2.

Der kan vi lese at Mac- og Linux-versjonane er i testfasen og vil bli lanserte snart. Kva «snart» betyr er aldri godt å seie med Valve, men i det minste veit vi at ein Linux-versjon er på veg.

Skapte ein sjanger

Dota 2 er den offisielle oppfølgjaren til Warcraft III-modifikasjonen Defense of the Ancients. I modifikasjonen tok du på deg rolla som ein helt, og saman med fleire andre spelarar var målet å ta motstandarane sin base. Undervegs sanka du erfaringspoeng og bygde opp både helten din og utstyret han hadde med seg.

Fleire spel har vore sterkt inspirerte av Defense of the Ancients, og modifikasjonen skapte ein heilt ny sjanger som går under namnet MOBA. Blant dei største utfordrarane i sjangeren finn vi Heroes og Newerth og League of Legends.

Warner Bros kom i fjor haust med sitt eige MOBA i form av Ringenes Herre-spelet Guardians of Middle-Earth. Dette er ikkje det einaste MOBA-spelet frå Warner Bros, sidan dei har hyra inn Turbine Entertainment for å lage superheltspelet Infinite Crisis.

Les også: EA vil konkurrere med Dota 2
Les også: Sniktitt: Magicka: Wizard Wars

Kommentarer (5)

Forsiden akkurat nå

Til toppen