Double Fines fantasy-strategi på Early Access

No kan du sjølv byggje ditt eige slektstre av mektige krigarar.

Massive Chalice er eit taktisk strategispel frå Double Fine som blei finansiert gjennom Kickstarter. Det hentar mykje inspirasjon frå spel som X-Com og Final Fantasy Tactics, og som i dei spela går mykje av spelet ut på å flytte eit knippe krigarar over eit rutenett. Kampane er turbaserte, og strategisk planlegging blir viktig.

Double Fine har likevel gjort ei rekke grep som skil Massive Chalice frå konkurrentane. Der vi i andre spel gjerne følgjer ei låst historie, byr Massive Chalice på ei verd der du i staden følgjer heltar frå barndom til dei går bort av høg alder.

Av og til må du gjere ditt for å halde styr på lov og orden.
Av og til må du gjere ditt for å halde styr på lov og orden.

Massive Chalice har vore tilgjengeleg for dei som støtta spelet på Kickstarter ei stund allereie, men no får vi via Eurogamer vite at Double Fine har lansert spelet på Steam Early Access for å la alle som vil kjøpe seg tilgang.

Gjennom generasjonar

Kampane er ei tradisjonell turbasert affære.
Kampane er ei tradisjonell turbasert affære.

I Massive Chalice startar du med eit knippe uerfarne krigarar, men må raskt spleise dei i par som seinare får ungar. Etter kvart som åra går veks ungande opp, og kan godt ende opp med å arve eigenskapar frå foreldra. Sidan alle krigarane i spelet har både gode og dårlege eigenskapar gjeld det å tenkje nøye over korleis du planlegg familiane i spelet.

Tida går fort i spelet, og det kan gå fleire år mellom kvar kamp. Denne tida må nyttast for å byggje alt frå nye heimar til treningsbasar, samt forske fram ny teknologi. Det blir òg viktig å tenkje over om du vil bruke erfarne krigarar i kamp, vidareføre eigenskapane deira ved å setje dei inn som mentorar, eller få dei til å produsere avkom før dei blir for gamle og døyr. Før spelet er omme kan det ha gått hundrevis av år sidan starten.

Massive Chalice er berre det siste i ei rekke taktiske strategispel som har blitt lansert i år. I starten av året fekk vi bryne oss på dei glimrande spela The Banner Saga og Blackguards.

The Banner Saga blei nyleg kunngjort for PlayStation 4.

Kommentarer (4)

Forsiden akkurat nå

Til toppen