Dragon Age III: Inquisition kunngjort

BioWare sin fantasyserie held fram neste år.

Rykta har gått, og no er det endeleg offisielt. Eit nytt kapittel i Dragon Age-serien er kunngjort via ei pressemelding, og det får namnet Dragon Age III: Inquisition. Med dette spelet håpar EA og BioWare å ta det beste frå dei tidlegare spela, for å lage eit spel som verkeleg innfrir forventningane til fansen.

Meiningane om dei to føregåande spela har vore delte. BioWare fekk spesielt mykje pepper for Dragon Age II sidan dei i stor grad gjekk bort frå PC-røtene til det første spelet, og satsa på eit meir tilgjengeleg spel for dei som ikkje er erfarne rollespelfantastar.

Teamet som jobbar med Dragon Age III består av både veteranar som har vore med sidan utviklinga av Dragon Age: Origins, samt nytt blod. Kalaset vil bli skapt med ein heilt ny motor som BioWare meiner vil gi dei mykje større moglegheiter for å tilby spelarane ei stor verd, flott grafikk, betre reaksjonar på spelarane sine handlingar, og ikkje minst solid detaljstyring for korleis du vil byggje karakterane dine.

Blodig skjermbilete frå Dragon Age II.
Blodig skjermbilete frå Dragon Age II.

– Dragon Age-teamet har jobba med Dragon Age III: Inquisition i neste to år no. Vi har gått over spelarane sine tilbakemeldingar om dei tidlegare spela, og har kommunisert direkte med tilhengjarane våre. Dei har ikkje heldt tilbake, og det skal ikkje vi gjere heller, fortel Aaryn Flynn, leiar for BioWare Edmonton og BioWare Montreal i pressemeldinga, før han held fram:

– Med Dragon Age III: Inquisition har vi lyst til å gi fansen det dei har bedt om; ei flott historie med val som betyr noko, ei massiv verd å utforske, djup karakterbygging, og kampar som er både taktiske og slåande.

– Samtidig veit vi at vi treng ny teknologi for å verkeleg vekke visjonen vår til live. Vi har jobba med DICE for å gjere Frostbite 2 til grunnmuren for motoren vi vil byggje Dragon Age III med.

Dette er strengt tatt alt vi veit om oppfølgjaren til spela som samanlagt har selt over åtte millionar eksemplar så langt. Ingen bilete eller detaljar om historia har blitt offentleggjort. I eit blogginnlegg frå spelets produsent Mark Darrah, fortel han at BioWare har store planar om å vere mykje meir opne under utviklinga enn før, så med det i tankane bør det ikkje vere for lenge til vi får noko meir konkret om spelet.

Det einaste vi veit sikkert er at Dragon Age III: Inquisition etter planen skal ut i hyllene mot slutten av 2013. Kva plattformer det hamnar på er ikkje sagt.

Les også: BioWare tar feedback alvorlig
Les også: Dragon Age II-utvidelse kanselleres

Kommentarer (47)

Forsiden akkurat nå

Til toppen