Dragon Age: Inquisition-utviding har fått PlayStation-dato

Medan fersk fleirspelarutviding lanserast neste veke.

I slutten av mars blei Dragon Age: Inquisition-utvidinga Jaws of Hakkon lansert på Xbox One og PC. Når den ville bli lansert på andre plattformer blei det derimot ikkje sagt noko om. Via Twitter har BioWare no omsider avslørt når vi kan vente oss ekstrainnhaldet på PlayStation 4, PlayStation 3 og Xbox 360, og datoen blir 26. mai.

Jaws of Hakkon er ei utviding som sender oss ut i eit nytt og omfattande området der vi møter jegarfolket Avvar, og skal prøve å finne ut kva som skjedde med Thedas, den siste inkvisitoren.

I tillegg til at Jaws of Hakkon når nye plattformer har BioWare òg avslørt eit nytt stykke fleirspelarinnhald til Dragon Age: Inquisition. Dette får namnet Dragonslayer, sender oss ut i kamp mot drakar, og gjev oss tre nye heltar å leike oss med. Lanseringa vil finne stad 5. mai, og blir eit gratis tillegg.

Grip deg frå første stund

Dragon Age: Inquisition leverte varene.

Dragon Age: Inquisition er eit omfattande og svært solid rollespel, noko vår spelmeldar slo fast i si rosande omtale:

«Dragon Age: Inquisition grip fatt i deg frå første stund, og slepp ikkje taket før du har vore med på eit spanande, involverande, og langt eventyr. Den enorme verda ein får utfalde seg i, og dei mange gode figurane som du kan bruke timesvis på å prate med, gjer at du knapt treng å kjøpe deg nokre andre spel på denne sida av nyttår.»

Dragon Age: Jaws of Hakkon blir lansert berre få dagar etter eit av årets mest etterlengta rollespel. 19. mai lanserer CD Projekt Red det svært lovande rollespelet The Witcher 3: Wild Hunt, eit spel vi likte veldig godt då vi kika på det tidlegare i år.

Siste fra forsiden