Dragon Quest VIII er lansert for mobil

No kan du ta med deg det herlege eventyret i lomma.

For lenge, lenge sidan, nærare bestemt 2006, lanserte Square Enix Dragon Quest VIII: The Journey of the Cursed King. Spelet var eit erketradisjonelt japansk rollespel med ei stor verd, mange sære personar å støte på, samt turbaserte kampar. Det heile var så gjennomført og sjarmerande at vi enda opp med gi det ni poeng, og klassikarstempelet.

Dragon Quest VIII blei lansert for mobil i Japan seint i fjor, og i dag har Square Enix sendt ut ei pressemelding der dei fortel at spelet no er tilgjengeleg på iPhone, iPad og Android. Det er verdt å merke seg at pressemeldinga poengterer at iPhone 5 og tredje generasjons iPad er anbefalt. For Android er det versjon 4 som gjeld.

Komfortable kontrollar

Dragon Quest VIII i mobilformat.

For å få det digre rollespelet til å passe inn på mobilen hevdar pressemeldinga at utviklarane av mobilversjonen har skrudd saman eit nytt kontrollsystem optimalisert for komfort. Du kan velje mellom kontrolloppsett for ei eller to hender, og spelet let deg springe automatisk gjennom områda. I tillegg er kampsystemet forenkla slik at du berre treng bruke ein finger for å hamle opp med skrømta i spelet.

Dragon Quest VIII: The Journey of the Cursed King er berre det siste i ei rekke med gamle Square Enix-klassikarar som har teke turen over til mobile plattformer. Tidlegare har spel som Final Fantasy IV og Final Fantasy V dukka opp i miniformat.

Ein anna veg tok nyleg rollespelet Final Fantasy III, som etter å ha fått ein mobilversjon enda opp med å ta turen til Steam. Om det same vil skje med Dragon Quest VIII vil berre tida vise.

Siste fra forsiden