Dragon's Dogma blir større

Godt nytt til deg som traskar i den farlege villmarka.

Dragon's Dogma tok oss med storm tidlegare i år. I dette opne rollespelet frå Capcom kan du fritt vandre rundt på eit stort kontinent medan du tek på deg drøssevis med oppdrag, og kjempar mot massive beist som utan åtvaring kan dukke opp i villmarka. Samtidig byr spelet på mange varierte og artige måtar å byggje opp både helten din og eit lite følgje med krigarar.

No kan Eurogamer fortelje at Capcom vil kome med ei svær utviding til spelet neste år. Ekspansjonspakka vil bli tilgjengeleg digitalt, og har fått namnet Dark Arizen. Nøyaktig kva vi får oppleve i Dark Arizen har ikkje Capcom sagt noko om enno, men i det minste får vi bruke framgangen vi har gjort i originalspelet.

Skjermbilete frå Dragon's Dogma: Dark Arizen.

Før den tid vil vi få to merkbare og gratis tillegg til spelet. Innan året er omme vil to nye modusar bli introdusert. I Hard Mode vil du som namnet seier kunne kjempe mot ei enda større utfordring. Noko for deg som synest utfordringa blei for lita. I Speed Run vil du derimot kjempe mot klokka, og om du klarar å runde spelet på rekordtid vil du få løn i form av diverse utstyr.

Personleg var eg mektig imponert over kva Capcom hadde fått til med Dragon's Dogma, og klinka til med ein solid niar:

– Spelet har ein hypnotiserande rytme som tvingar deg tilbake sjølv om påkjenningane skulle bli store. Dette er ikkje eit lett spel. Der du trur du er kjempa sjølv, meisteren utan like, får du raskt passet ditt påskrive av alt frå landvegsrøvarar til massive beist med tre hovud. Det som ikkje drep deg gjer deg sterkare, og kjensla av å ha klart eitt av dei mange uventa åtaka frå brutale fiendar slår alt.

Den første traileren til Dragon's Dogma: Dark Arizen kan du sjå nedanfor.

Les også: Monster Hunter til Wii U Les også: Sniktitt: DMC: Devil May Cry

Trailer frå Dragon's Dogma: Dark Arizen.

Siste fra forsiden