Dragon's Dogma: Dark Arisen kjem til PC

Capcom lovar ein imponerande versjon av sitt herlege actionrollespel.

Capcom

Dragon's Dogma frå 2012 blei kanskje ikkje den suksessen Capcom hadde håpa på, men actionrollespelet selde likevel nok til at Capcom året etter gav ut spelet på ny under namnet Dragon's Dogma: Dark Arisen. I denne utgåva fekk vi nokre tekniske forbetringar samt eit stort nytt område med mange farar.

I eit ferskt blogginnlegg har Capcom no avslørt at Dragon's Dogma: Dark Arisen kjem til PC via Steam på nyåret, nærare bestemt i januar. Capcom fortel ikkje mykje om kva som er nytt i denne utgåva av spelet, men påstår det vil bli ein imponerande versjon med forbetra grafikk, samt støtte for Xbox 360- og Xbox One-kontrollar.

Å drepe ein drake

Den majestetiske griffen er berre eitt av mange fabeldyre du kan ta knekken på i Dragon's Dogma.

Dragon's Dogma byr på lik linje med dei fleste andre rollespel i seinare år på ei stor verd du for det aller meste kan utforske i ditt eige tempo. Det som i aller høgste grad gjer Dragon's Dogma unikt er eit brilliant kampsystem skrudd i hop av folka bak Devil May Cry-spela, samt kampar mot tidvis enorme beist du kan klatre på om det blir naudsynt.

Vi var frå oss av begeistring då vi testa Dragon's Dogma i 2012, og klinka til med ni poeng, ein poengsum vi gjentok for Dragon's Dogma: Dark Arisen.

Capcom lanserte nett ein oppfølgjar til Dragon's Dogma i Japan. Dragon's Dogma Online let deg i motsetning til det første spelet spele saman med andre, og byr på ei heilt ny verd. Om det kjem til Europa er ei heilt anna sak Capcom har sagt frykteleg lite om.

At Dragon's Dogma: Dark Arisen er på veg til PC gjev oss om ikkje anna, håp for framtida til serien.

Siste fra forsiden