Anmeldelse

Dragon Ball Z: Budokai 3

Dragon Ball-universet har fått seg eit løft i Norge den siste tida, og Dragon Ball Z: Budokai 3 kjem nok ikkje til å forandre på det.

Side 1
Side 2

Tøffe spesialangrep Ein stor forskjell frå Budokai 3 til andre kampsportspel er at dette er basert på ein teikneserie, og det ser absolutt slik ut. Karakterane er fargelagt ved bruk av cell-shading, og det er lagt inn sekvensar i kampane som du omtrent aldri finn i andre, liknande spel. Ta til dømes spesialangrep. Kanskje du får inn ein kombo av spark i rekkefølge, og deretter sparkar motstandaren inn i ein vegg som svarar med å rase ned. Av og til får du også sjansen til å dele ut litt seriøs skade. Dette skjer ved at du skal trykke på ein knapp, og motstandaren skal prøve å trykke på den same knappen for å gå til motangrep. Det heile utspelar seg som i ein Anime-film. Kameraet skiftar hurtig mellom nærbilde, froskepersektiv og fugleperspektiv, og gir ei veldig intens og annarleies oppleving til denne sjangeren.

Det hender at to kraftige angrep (som til dømes Kamehameha) blir utløyst på same tid, og det som følgjer er ein eksplosjon av energi sånn ca midt på skjermen. For å vinne i slike situasjonar må du rotere hurtig på analogstikka i så høgt tempo du er i stand til å mane fram. Heilt ærleg: ikkje bra, om du har lite pengar og ikkje har lyst til å kjøpe nye kontrollar med jamne mellomrom kan dette vere ein dødsdom for lommeboka di. Det knirka fælt i stikkene mine etter kvart, og tilsynelatande uhelbredeleg skade har oppstått. Dette er heller ikkje den einaste gongen at kontrollstikka di må til pers. Visse ferdigheiter tømmer deg gradvis for ki (noko som må brukast for alle spesialangrep), og om du går tom, blir du svimmel og må rotere på stikka for å kome til hektene igjen. Av og til er det greit å berre trykke på A.

Massemord av kontrollstikker til tross, slike delar av spelet gir Dragon Ball Z: Budokai 3 ein heilt spesiell sjarm. Dragon Ball-fans kjem til å elske det, og det er ikkje fritt for at andre også kan la seg storkose. Spelet er veldig pent, og gjengir universet på ein eksemplarisk måte. Alle karakterane er truverdig gjengitt i forhold til kildematerialet, og ser minst like bra ut som dei gjer i teikna format. Spesialeffekter er spektakulære og kjende område frå serien er nøyaktig gjenskapt. Det er likevel eit par små ting som skurrar litt. Skyggane til karakterane er ofte litt malplasserte, uansett om du står på bakken, eller svevar i lufta. Resultatet blir at det ikkje alltid ser ut som om Son Goku og resten av rollebesetningar eigentleg høyrer heime i omgivnadane sine.

Om du kjem til å like musikken i Dragon Ball Z: Budokai 3 kjem nok veldig an på smaken din. Den er henta rett ut frå Anime-serien, og det er japansk syrerock på sitt aller mest framtredande. Uansett kva du måtte meine om slikt, får det liv i kampane, og gjer det heile eit ekstra hakk meir underhaldande. I tillegg er alt stemmeskodespelet levert av dei som står for stemmene i den amerikanske versjonen av serien, og dei gjer ein ypperleg jobb. Heldigvis, får ein seie, for det er ein god porsjon med snakking ute og går, først og fremst i Dragon Universe. Desse sekvensane utartar seg i eit slags teikneserieformat der ansikta til karakterane som snakkar dukkar opp på skjermen. Det fungerar heilt greit, men om vi er heldige tar Bandai kanskje steget heilt ut neste gong, og gir oss flotte animerte sekvensar i staden.

Konklusjon For beinharde kampsport-fanatikarar kan nok Dragon Ball Z: Budokai 3 framstå like nødvendig som ostekanapè ein glovarm sommardag på stranda. Det meste blir utført ved hjelp av kun fire knappar, og det er ikkje akkurat verdas mest avanserte kontrolloppsett. For alle andre er det utvilsomt det beste Budokai-spelet så langt. Det tar seg sjølv befriande uhøgtidleg, behandlar kildematerialet på ein herleg måte, og gir eit friskt og humoristisk pust i nakken på ei verd bebudd av Mortal Kombat- og Tekken-parodiar (neida, Soul Calibur II, eg har ikkje gløymt deg). Trass ei god dose kombo-angrep, kan det dessverre bli litt einsformig i lengda, sidan variasjonen på karakterane ikkje akkurat er fenomenal. Om du er Dragon Ball-fan, eller berre har lyst på noko litt mindre avansert enn resten av det du finn på marknaden i dag, kan Dragon Ball Z: Budokai 3 uansett trygt anbefalast.

Side 1
Side 2

Siste fra forsiden