Dragon's Lair til DS

Den gode gamle dragedreparen Dirk the Daring er på veg til Nintendo DS. I spelet blir han sent ut på eit vågalt eventyr gjennom slottet til ein vond magikar. Der må han kjempe mot forskjellige beist og utfordringar, før han kan redde prinsessa Daphne frå ein eldsprutande drage.

Skjermbilde frå Dragon's Lair
Skjermbilde frå Dragon's Lair

Dragon’s Lair kom først ut på laserdisk i 1983. I motsetning til andre spel på den tida, der den visuelle stilen bestod av enkle spriter, hadde Dragon’s Lair flott animasjon frå den tidlegare Disney-animatøren Don Bluth. Sidan spelet kom på laserdisk kunne dei lage eit spel som verkeleg såg flott ut, men det var ikkje særleg avansert utover det kosmetiske.

Spelet fungerte som ein interaktiv film der du valte handling, og deretter fekk sjå den utfalde seg på skjermen. Spelet blei i tillegg utgjeve på Blu-ray tidlegare i år, der nyheitene var 5.1-surround, høg oppløysning, og kommentatorspor. Nintendo DS-versjonen av spelet vil bevare det originale gamplayet, men vil kome med nye element spesielt utvikla for DS.

Blant anna vil du kunne spele spelet på forskjellige måtar. Du kan velje å halde DS-en normalt, eller du kan snu den og halde den som ei bok, på same måte som med Brain Training. Du vil kunne styre spelet enten med D-paden eller ved å trykke på skjermen, samtidig skal spelet ha støtte for talegjenkjenning.

Dragon’s Lair tilbyr to forskjellige modusar; "Arcade" og "Home". I essensen er desse like, med unntak av "Home" som inneheld heilt nye sekvensar.

Det er ikkje kjent når spelet kjem i butikkane.

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen