Drakar og demonar inntar Hearthstone

Neste veke byr Blackrock Mountain-utvidinga på nye utfordringar.

Tidlegare i mars avslørte Blizzard ei ny utviding til sitt knapt eit år gamle kortspel Hearthstone. Denne får namnet Blackrock Mountain, og i ei pressemelding fortel Blizzard no at ei ny samling kort vil bli tilgjengelege frå og med 3. april.

Som med Curse of Naxxramas vil Blackrock Mountain lanserast over tid i form av fem kapittel. Du kan kjøpe heile sulamitten på ein gong med ekte pengar, eller ved å bruke gull du har tent deg i spelet.

Blackrock Mountain vil totalt by på 31 ny kort, og drakar blir eit svært viktig tema for dei nye korta. I tillegg byr utvidinga på eit nytt spelebrett, ny musikk og to nye klassar for dei ni heltane i spelet.

Morosamt kortspel

Hearthstone får nye kort til veka.

Digitale kortspel er på ingen måte noko nytt, og vi kan sjå heilt tilbake til 90-talet for å finne dei første digitale utgåvene av Magic: The Gathering. I seinare tid har også Ubisoft prøvd seg med eit kortspel, det basert på Might & Magic-universet.

Blizzards Hearthstone har blitt ein solid suksess for spelkjempa, og med enkle system og kjappe kampar greidde dei å overbevise oss i vår vurdering:

«Synergiar mellom de ulike korta, balansen mellom offensive og defensive kort, samt det å kunne overraske motstandaren gjer enkle Hearthstone til eit djupt og komplisert kortspel, som etter mange timars spel framleis lærer meg nye ting. Kjappe, intense kampar i jakta på neste nivå i divisjonssystemet gjev eit sug som enkelt og greit er deileg.»

Hearthstone har rukke å bli eit populært spel i e-sport-verda. Vi tok nyleg ein prat med ein av våre faste Hearthstone-kommentatorar om spelet og framtida.

Siste fra forsiden