Anmeldelse

Drakengard

Drakengard er noko så unormalt som eit hack'n slash-spel med ei god historie. I staden for å slenge med ei tradisjonell og nitrist historie som ei unnskuldning for å kunne sende monster til ei grumsete framtid, har Square Enix gjort det stikk motsette. Dei brukar eit tradisjonelt og uoriginalt spelkonsept som ei unnskuldning for å gi oss ei dramatisk og til tider ubehageleg historie. Det er ikkje søte mor med Drakengard. Det er brutalitet, mørke og kontroversielle følelsar.

Ein mørk og dyster fantasi
I kvar generasjon blir ei ung jente utvalt som gudinne. Hennar oppgåve blir å bere seglet, som held verda frå å bli fødd på ny. Når gudinna dør, blir ei ny valt i hennar stad. Kven det måtte bli er heilt tilfeldig. Furiae er gudinne, men også søstra til kongen av eit øydelagt rike, Caim. At Furiae skule bli gudinne kunne ikkje ha passa dårlegare, og gjer forlovelsen hennar umiddelbart umogleg å ta vidare. For å gjere scenarioet enda verre mista Furiae og Caim foreldra sine til klørne på ein drage medan dei enno var unge. Samtidig er imperiet ute etter å bryte seglet, for å kunne føde verda på ny, med seg sjølv ved full kontroll.

Det høyrest kanskje forholdsvis klisjè-fantasy ut. Ein mann mot verda, døde foreldre etc., men det er noko som skiljer Drakengard frå andre "redd verda"-spel. Caim er ikkje først og fremst ute etter å redde verda frå dommedag. Det er ikkje heltemot som leier han, det er raseri, totalt og udelt raseri. Om du er i stand til å finne ein meir forbanna karakter, uansett medium, er du svært flink. Caim er så rasande på imperiet at han styrer handa si frå å slå i hjel dyret som drepte foreldra hans, for å heller inngår ei pakt med det. Eit pakt for å leve, men som fører ein dyr pris: Han kan ikkje lengre snakke.

Drage, sverd eller begge deler
Sidan det er Square Enix som står bak dette prosjektet er det heile litt surrealistisk. For det første er det så mykje mørkare enn kva vi er vande med frå den kanten. Dette er på ingen måte eit familiespel. For det andre er det eit action-spel. Eit action-spel med minimale rollespel-element, som er ganske langt frå dei hyggelege spela Square Enix stort sett lagar. Drakengard går ut på tre ting: Hogge seg veg gjennom enorme mengder fiendar, fly på ryggen til ein drage og skyte ned alt frå flaggermus til flygande skip, eller ein kombinasjon av desse to. Den mest vellukka delen er nok kombinasjonen. Her kan du springe til fots, eller du kan setje deg på dragen og skyte ildkuler på patetiske hærer som spring rundt som maur.

Uansett kva eit kapittel vil la deg gjere, er det temmeleg garantert at du vil ha det ganske moro. Å hogge seg gjennom fiendar er som hypnose. I motsetning til eit spel som til dømes Chaos Legion, blir det ikkje eit traumatisk helvete å trykke på same knapp gjentatte gongar. Hovudgrunnen til dette er følelsen av rå makt. Alt etter kor mange fiendar du kvestar (opp til fleire hundre), vil du og våpenet ditt få erfaringspoeng. Det beste med denne delen er at du verkeleg merkar at du får eit mykje betre våpen. Du blir sinnssjukt mykje kraftigare kvar gong.

I tillegg har alle våpen (og det er mange av dei) eigne former for magi, om det så er ildkuler eller boltar av hellig lys. Våpena dine vil også forandre utsjånad etter kvart som dei blir kraftigare. Eit puslete lite våpen kan i løpet av nokre brett bli ei stor sagtakka drapsmaskin. Å finne det rette våpenet til ein kvar situasjon kan etter kvart bli essensielt. For å spe på med enda ei ørlita dose variasjon kan du også avslutte ei rekke slag med eit angrep som sender dei nærmaste fiendane flygande i alle retningar, og ved å slå medan du spring kan du "skyte" fiendane som er framfor deg.

Drakengard PS2 PS2

Spilldetaljer

  • Lanseringsdato: 21. mai 2004
  • Plattform: PlayStation 2
  • Utgiver: Take 2
  • Utvikler: Cavia

Kommentarer (0)

Forsiden akkurat nå

Til toppen